Alt var klart til utsending av spørjeundersøkinga i det Aurlendingen gjekk i trykken, bortsett frå sjølve adressene som skulle klistrast på konvoluttane. For å få tak i dei måtte kommunen søke Skatt Nord om tilgang til folkeregisteropplysningane. Det skulle vise seg å vere vanskeligare enn kommunen først blei opplyst om. I samband med den nye Personvernlovgivinga må nemleg alle kommunar søke om tilgang til folkeregisteropplysningane, så søknaden frå Aurland kommune hamna i ein kø på 440 andre søknadar. Sjølve bustadkartlegginga blei derfor utsett, men spørjeundersøkingane vil bli sendt ut så fort som råd med utvida svarfrist.