Me har ledig
ein fast 100% stilling som musikklærar ved musikk og kulturskulen vår. Me søkjer etter ein flink og engasjert lærar som kan undervise på fleire instrument. Det er ynskjeleg at du kan undervise på gitar, bass, trommer, band med meir. Det er fint om du oppgjev kva instrument du kan undervise på i søknaden. Me treng i tillegg at du kan dirigere korps og kor. Det er ein føresetnad at du har kompetanse innan lyd- og lysteknikk. Me ynkjer deg velkomen som søkjar og håpar at du vert ein del av vår flotte kulturskule i vakre Aurland kommune. Stillinga er ledig frå hausten og ny skulestart 2022.

Arbeidsoppgåver
- Individuell undervisning av elevar på ulike instrument
- Gruppeundervisning
- Dirigering av korps/ kor
- Teknisk ansvarleg for lyd og lys
- Samarbeid med andre kommunale tenester og det frivillige musikklivet i Aurland
- Samarbeid om konsertar og arrangement
- Samarbeide for å få til eit breitt kulturskuletilbod

Me tilbyr
- Flotte og renoverte musikkrom og hyggelege kollegaer.
- Bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum.
- Ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad.
- Gratis inngang til treningsrom og symjebasseng i Aurlandshallen.
- Hjelp til å skaffe bustad.
- Hjelp til å skaffe barnehageplass.
- Hjelp til å skaffe arbeid til partner.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar.

Kvalifikasjonar
- Høgskuleutdanning innan musikk og undervisning, eller vise til relevant praksis i musikkfaget.
- Du kan undervise på fleire instrument som gitar, bass, trommer og band.
- Du kan dirigere korps/ kor.
- Du er engasjert og likar å undervise barn og unge.
- Du er erfaring og kunnskap om lyd og lysteknikk.
- Du er datakyndig.
- Det er ein fordel at du har erfaring med undervisning.

Løns- og tilsetjingsvilkår
Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Generell informasjon om søknadsprosessen
Aurland kommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Det betyr at vi kun tek imot søknader gjennom vår elektroniske søkjeportal. Dersom du treng hjelp til å søkje eller har problem med pålogging kan du kontakte oss på tel 57 63 29 00. Dersom du er tilsett i kommunen eller tidlegare har søkt på ledig stilling hjå oss vil du allereie vere registrert som brukar i systemet. For å få tilsendt passord må du klikke "glemt passord".

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at  namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette i elektronisk søknadsskjema og grunngje valet i søknadsteksten. Vi tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom vi meiner at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.

Krav til språkkunnskapar
Den som blir tilsett må kunne kommunisere godt på norsk både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform. Gode engelskkunnskapar tel positivt.

Søknadsfrist    21.06.2022                                 Utlyst dato        31.05.2022                           Vårref                  835

Kontaktperson
Monica Hille, Tenesteleiar Kultur, tlf: 91541178, monica.hille@aurland.kommune.no