Tekst: Arne Veum /Aurlendingen

Han har nyleg teke på seg vervet som stiftingsleiar, og skal no saman med resten av styret jobbe med store oppgåver knytt til restaurering av bygningsmassen i det særmerkte klyngetunet. - Utfordringa er stor. 25 av 27 bygningar treng større eller mindre grad av restaurerande tiltak. Me snakkar truleg om eit kapitalbehov på mellom 14 og 17 millionar kroner, seier Skjerdal. I tillegg er det eit stort behov for å brannsikre dei mange gamle trehusa på ein god måte. I dag er det ikkje noko form for slik sikring i tunet. - Restaurering og brannsikring er dei to viktigaste punkta for stiftinga, seier Skjerdal.

Nesten dobla
I 2008 vart det utarbeida ein restaureringskalkyle for bygdetunet. Kalkylen enda på knappe åtte millionar kroner eksklusiv mons. Snart ti år seinare har summen nesten dobla seg. Behovet for kapital er altså stort, og Riksantikvaren kan vere den løyvande kjelda. I midten av juni var Riksantikvar Jørn Holme på vitjing på bygdetunet. - Me har tidlegare vore i kontakt med Riksantikvaren for å få ei vurdering av tunet. At det lukkast med å få til eit møte no skuldast at han hadde andre ærend i fylket, og såleis var i området, seier Skjerdal. Han legg til at Riksantikvaren som  offisielt embete ikkje har vore på Otternes tidlegare, og at besøket i så måte  var ein liten milestolpe.

Vernestatus
- Besøket gir eit signal om kor viktig tunet og bygningsmassen er.  - Kva kan Riksantikvaren bidra med? - Det er denne instasen som sit på den store pengesekken. Utfordringa vår er at Riksantikvaren jobbar stort sett med freda eller verna bygningsmasse. Otternes er ingen av delane og ramlar såleis mellom to stolar, men me hadde ein god diskusjon på korleis me bør jobbe for å innrette oss med tanke på å kome i posisjon. - Freding eller vern av tunet? - Ja, skal me kome vidare med omfattande og naudsynt restaureringsarbeid må me jobbe for å få på plass ein vernestatus for tunet, slik Havrå- tunet på Osterøy og Aga-tunet i Hardanger har. Dei får midlar til både restaurering og drift frå sentralt hald, og det må vere eit mål for oss også, seier Skjerdal. Han avviser at eit vern vil bety mindre moglegheiter for drift og bruk. - Ein formell vernestatus vil berre vere positiv, og ikkje vere til hinder for drift og bruk. Frå Riksantikvaren si side så er også aktiv bruk trekt fram som viktig for slike og liknande bygningsmiljø.

Satsing på bygningsvern
- Kor enkelt eller vanskeleg er å det få inn 17 millionar kroner til restaurering? - Det er mykje pengar men i vernesamanheng er likevel ikkje ein slik sum spesielt høg.  Det vil uansett krevje eit målretta og omfattande arbeid i form av dokumentasjon og søknadsskriving. Det er ikkje eit arbeid som kan gjerast på fritida, og difor kjem me til å drøfte mogleg samarbeid med verdsarvparken både på dette området og på anna strategisk arbeid. Det passar også godt å knyte samarbeid med Verdsarvparken då Riksantikvaren er oppteken av bygningsarven i verdsarvområde, og han annonserte på møtet ei større satsing på bygningsvern innafor verdsarvområdet. Det er eit signal til oss som me tek med oss, og som heilt sikkert også ordføraren merka seg, seier Skjerdal.  Ordførar Noralv Distad var med på synfaring av møtet på Otternes i midten av juni. - For Aurland kommune er det to hovudmål for tunet; det må haldast i stand og restaurerast, og det må i tillegg vere eit levande tun.

Avgrensa opplegg
Skjerdal og stiftinga er også samde i at Otternes skal vere eit levande og aktivt tun, men at dette aspektet må tonast litt ned i den tida som kjem. - Personleg meiner eg det beste hadde vore om tunet var stengt inntil det var forsvarleg brannsikra, men det er nok ikkje praktisk mogleg. Otternes har i utgangspunktet ikkje kapasitet til å ta imot mykje folk samstunds, og det bør heller ikkje vere for mykje trafikk av folk i tunet så lenge ikkje brannsikring er på plass. Når det gjeld omvising denne sommaren så er me i dialog med ressursar som kan ta på seg eit avgrensa opplegg. Det vert uansett ikkje den type drift i tunet denne sommaren som det har vore dei føregåande åra. Tunet er heller ikkje i god nok stand til det, seier Skjerdal. - Kom Riksantikvaren med nokre lovnadar eller signal om stønad? - Han var svært oppteken av Otternes Bygdetun som eit av svært få autentiske tun av denne type, og det einaste her i fylket. Han vil også vera med på og finna løysingar som kan føre til at me kan vere i gang med fysisk restaureringsarbeid om ikkje så altfor lenge. Er me kreative rundt det så kan restaureringa i seg sjølv gjerast til ein attraksjon,  seier Jon Skjerdal.