Statens vegvesen har lyst ut vedlikehaldsarbeid i rv. 5 Fodnestunnelen i Lærdal kommune.

– Dei gamle platekvelva i tunnelen skal skiftast ut og erstattast med ny vass- og frostsikring. I tillegg skal det sprengast to nye havarinisjar med tekniske bygg og monterast ny kabelstige og nytt lys i heile tunnelen, seier prosjektleiar Sveinung Hovland i Statens vegvesen.

Rv. 5 Fodnestunnelen. Foto: Vegbilder
Rv. 5 Fodnestunnelen. Foto: Vegbilder

Del av vårt samfunnsoppdrag

Arbeidet er ikkje ei totaloppgradering av tunnelen i henhold til Tunnelsikkerheitsforskrifta (TSF), men likevel eit stort og viktig arbeid som er ein del av Statens vegvesen sitt samfunnsoppdrag med å drifta og vedlikehalda riks- og europavegnettet.

Drift å halda vegen open i dag, vedlikehald er å sørga for at vi klarer det i morgon. Jobben Statens vegvesen skal i gang med i Fodnestunnelen, er eit døme på dette.

– Vi reknar med at arbeidet vil starte etter sommarferien i år, og det er forventa ferdig hausten 2026, legg Hovland til.

Rutetabell: Reisande med ferja 21.40 frå Mannheller vil sleppa gjennom før tunnelen stenger.
Rutetabell: Reisande med ferja 21.40 frå Mannheller vil sleppa gjennom før tunnelen stenger.

Stenger tunnelen om natta

I samband med sprenging og riving av platekvelvet vil det bli stengd tunnel frå klokka 22.00 til 05.30 neste morgon. I dette tidsrommet vert det sett opp ferje Lærdal-Mannheller-Fodnes-Lærdal. Reisande med ferja 21.40 frå Mannheller vil sleppa gjennom før tunnelen stenger

Denne ferjeruta vil gjelda i perioden 1. september i år til 31. mai 2025. På grunn av turisttrafikken vil ferja gå som normalt i juni, juli og august 2025.

Minimerer ulempene

Fodnestunnelen har ein gjennomsnittleg døgntrafikk på 2600 køyretøy. Det er dette som vert kalla årsdøgntrafikk (ÅDT). Av dette er 19 prosent, eller 494, lange køyretøy (tungtrafikk).

– Vi har forståing for at det kan verta krevjande for trafikantene med vegarbeid. For å minimera ulempene legg vi arbeida som har størst konsekvens til natta, den tida av døgnet det er minst trafikk, avsluttar Hovland.

Kontaktperson: Sveinung Hovland, e-post sveinung.hovland@vegvesen.no, telefon 975 17 080