English Deutsch  
A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Lytt til teksten:

Otternes bygdetun

Otternes og Bøen teke frå Halsane 19.08.2009. Foto Håkon Loven
Otternes og Bøen teke frå Halsane 19.08.2009. Foto Håkon Loven

Aurland kommune overtok bruka på gnr. 33 på Otternes i 1987. I avtalen som overtakinga byggjer på, tek kommunen òg på seg ansvaret med å setja bygningane i stand, og i tillegg stå for det framtidige vedlikehaldet. 

Driftsavtale
I 2006 inngjekk kommunen ein 10-årig driftsavtale med Laila Kvellestad. I avtalen vert det m.a sett som føresetnad at Otternes Bygdetun skal framstå som eit ”levande bruk” med dyr. Laila Kvellestad påtek seg etter avtalen ansvaret for drifta av kulturlandskapet Otternes Bygdetun, tilsyn med mark og bygningar, informasjon og formidling, ivaretaking av utvikling innanfor dette området i samarbeid med ANKA (Aurland Natur- og Kulturarv) som del av regionalparkprosjektet samt pedagogisk opplegg i samband med besøk av og aktivitetar for skulane i Aurland.
Les meir om Otternes bygdetun på heimesida deira.

Frå arbeidsgruppe til styre
Ei arbeidsgruppe på tre personar, nedsett av kommunestyret og med namnet Otternesgruppa,
fungerte som eit interimstyre for Otternes Bygdetun i tida etter overtakinga og fram til hausten 2009. Då fekk Otternesgruppa, gjennom vedtak i sak KS-050/09, endra status frå arbeidsgruppe til Styre for Otternes Bygdetun (SOB). Vedtaket slo vidare fast at ”Styret skal fungere som byggjenemnd for aktuelle restaureringsprosjekt på Otternes Bygdetun. Styret får sjølv bestemme om heile eller deler av styret skal ha denne funksjonen.”

Kulturhistorisk skatt
I 2008 utarbeidde Geirr Vetti og Mons Kvamme ei kulturhistorisk vurderinga av Otternes Bygdetun. Her vert det m.a. slege fast at det er viktig å vere klar over at verdiane i tunet er knytte til fleire ulike forhold, ikkje berre alderen på busetjingane og dei einskilde bygningane. Det at heilskapen i tunet er så godt teken vare på er eit viktig punkt. Eit anna poeng, seier vurderinga, er knytt til autensiteten; ”Reparasjoner og vedlikehold har vært utført med pietet og respekt for den tradisjonelle byggeskikken i tunet.”

Krevjande restaureringsarbeid
I samsvar med avtalen står kommunen for vedlikehaldet av bygningar på bygdetunet. Det er ikkje berre ”tidas tann” som er utfordringa; dei mange og gamle bygningane er under sterke angrep av den stripete borebilla (mott). Knut Olav Lie har vore ein svært viktig ressurs å nytte i restaureringsarbeidet. Likeeins bidreg no Nærøyfjorden Verdsarvpark med god fagkunnskap på dette feltet.
 

Kulturhistorisk vurdering  

 

 

 

 

 

Kontaktinformasjon

Telefon: 57 63 29 00
Telefaks: 57 63 29 01
SMS: 959 84 649


E-post:
post@aurland.kommune.no

Besøksadresse:
Rådhuset
Aurlandsvangen

Opningstider:
Måndag-fredag 8.00-15.30

Postadresse:
Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland

Organisasjonsnummer:
964968063
Kommunenr
.:
1421

 

Web levert av CustomPublish AS