Dalen barnehage ligg ca 5 km frå sentrum, retning Hol. Avkøyring vis a vis avkøyring til Loven. Barnehagen vart oppretta i 1989 med ei avdeling (Askeladden) for 18 heile plassar i lokala til tidlegare Dalen skule, som vart lagt ned det same året. I 1990 vart det opna ei småbarnsavdeling (Tommeliten) med 9 heile plassar i nytt tilbygg.
Barnehagen opererer no med ei felles garderobe for båe avdelingane. Det er tett samarbeid mellom avdelingane, då personalressursen vert sett under eitt, og barna er mykje i lag i løpet av dagen.
Det vart opparbeida eit godt uteområde med bl a kjøkkenhage i tilknyting til barnehagen. Elles ligg barnehagen godt til i høve ulike områder for utflukter; turar til Tero, Loven, Fiskehuset, Tokvamshagane og ”Øyna” kan nemnast.
Felles for alle avdelingane er at vi ønskjer å laga ein god kvardag for små og store i barnehagen. Med varierte aktivitetar, tid og rom til både leik og vaksenstyrte aktivitetar, både ute og inne, skal barna få høve til å utfolda seg. Etter kvart som dei vert eldre skal dei møta større utfordringar. Difor kan ikkje alle vera med på ”alt” frå første dag, men i løpet av barnetida får dei ta del i aktivitetar som passar for deira utviklingsnivå.
Borna som går siste året sitt i barnehagen har eigen ”klubb” som møtest ca kvar 14. dag til felles aktivitetar. I perioden frå haustferien og fram til påske har dei bading i AIS i lag. Det er i samarbeid med Spiren gardsbarnehage når dei har barn i same alder. Dessutan er det oppretta samarbeid med Aurland Barne- og Ungdomsskule (ABU) kor både 1. klasse og komande fadrar inviterar til besøk eller turar. Målet er at barna skal føla seg tryggare når alvoret startar 1. skuledag, både har barna blitt kjent med skulen og har møtt mange av dei som skal vera saman med dei den første tida.
Personale:
Ann-Iren Dregelid- pedagogisk leiar
Olveig Sønnerheim - Pedagogisk leiar
Anne Karin Buene
Jorunn Tokvam
Elin Vindedal