Aurland helsetun - tenesteerklæring

 Tenesta si målgruppe 
Personar som treng plass i ein overgangsfase etter opphald ved sjukehus · Personar som treng tett medisinsk oppfølging · Personar som treng aktiv behandling / rehabiliteringsplass · Personar som treng avlastingsopphald · Personar som er alvorleg sjuke · Personar som treng omsorg ved slutten av livet

Korleis søkjer eg om plass:
Søknad skal sendast til pleie og omsorgstenesta i Aurland kommune. Du vil få svar på søknaden innan tre veker etter at søknaden er motteken.
 
Formål med tenesta
Aurland Helsetun skal gi kvar brukar ei oppleving av å motta pleie, trening og omsorg i eit miljø som er prega av livskvalitet, aktivitet og respekt.
 
Tenesta gjeld
Tenesteerklæring  AURLAND HELSETUN
Arbeidsområde:
Langtidsplass, kortidsplass, avlastingsopphald, vekselpleie, sjukepleie, legetilsyn, fysioterapi, ergoterapi, hår og fotpleie, tannpleie, vaskeri for private klede, sosiale aktivitetar
 
Korleis får eg tak i tenesta:
Kontor: Aurland Helsetun
Kontortid: Måndag – fredag, kl. 08.00 – 15.30  Telefon: 57 63 18 50 (ekspedisjon)
Telefon direkte til sjukeheimsavdeling: 57 63 18 63
Telefon direkte til rehab. avdeling: 57 63 18 64
Telefon direkte til skjerma eining: 57 63 18 56
Telefon direkte til kjøkken: 57 63 18 52
Aurland Helsetun skal gi kvar brukar ei oppleving av å motta pleie, trening og omsorg i eit miljø som er prega av livskvalitet, aktivitet og respekt.
 
Kven kan søkje om plass:
Personar som treng plass i ein overgangsfase etter opphald ved sjukehus
Personar som treng tett medisinsk oppfølging
Personar som treng aktiv behandling / rehabiliteringsplass
Personar som treng avlastingsopphald
Personar som er alvorleg sjuke
Personar som treng omsorg ved slutten av livet
 
Korleis søkjer eg om plass:
Søknad skal sendast til pleie og omsorgstenesta i Aurland kommune. Du vil få svar på søknaden innan tre veker etter at søknaden er motteken.
Langtidsplass:
Langtidsplass er plass ved helsetunet som varar lenger enn 60 dagar. Vi nyttar betalingssatsar etter retningsliner vedtekne av Stortinget. 
 
 Korttidsplass: 
Alle bebuarane får eit variert og helsebringande kosthald. Vi sikrar at bebuarane sine grunnleggjande behov for hygiene, mat, søvn/kvile vert dekka.
 
Korttidsopphald samt dag og/eller nattopphald i sjukeheim, dvs. tenester tildet etter Konnunehelsetenestelova og Lov om sosiale tenester § 4-2 bokstav d, skal eigenbetalinga vere satsar som til ei kvar tid blir fastsett i forskrift om vederlag for opphald i institusjon m.v.

Avlastingsopphald:
Institusjonen kan tilby tidsavgrensa avlastingsopphald til personar og familiar som har eit særleg tyngjande omsorgsarbeid.
 
Vekselpleie:
Dersom ein brukar periodevis ikkje kan bu heime, er det høve til å søke om vekselpleie. Brukaren bur då til dømes to veker heime og ein månad på institusjon. Tiltaket kan vare over tid, avhengig av problematikk og heimesituasjon.
 
Tenester ved helsetunet:
- sjukepleiefagleg behandling.
- legetilsyn med medisinsk behandling og oppfølging. Lege er på
  helsetunet ein gong i veka.
- fysioterapi som hjelper deg til å oppretthalde eller trene opp att ein så
 god funksjon som råd. Fysioterapeut hjelper til med trening, tilbodet er
 gratis.
- ergoterapeuten arbeider med personar som står i fare for å miste si
 evne til å utføre daglegdagse gjeremål. Ergoterapeuten er til stades ved
 behov. Tilbodet er gratis.

Hår og fotpleie kan du bestille ved helsetunet. Frisør og fotpleiar er til stades ved helsetunet ca. 2 gonger pr. månad. Desse tenestene betalar brukar sjølv.

Vi syter for at brukarane får naudsynt tannbehandling og ivaretek den daglege munnhygiene.

 
I vaskeriet vert brukarane sine private klede vaska. Denne tenesta er gratis.
 
Helsetunet har sosiale aktivitetar. Vi har eigen aktivitør som driv arbeidsstove. Dei bebuarane som ynskjer det, får hjelp til å kome til og frå arbeidsstova. Vidare har vi sosiale aktivitetar som skal auke trivsel og byggje nytt nettverk for bebuarane. Her er ulike kulturelle aktivitetar, underhaldningskveldar, andakt/gudsteneste, aktivitetsgrupper.
 
Bebuar representant
 
Kjøkken og fellesstove i 1. etasje. Kan nyttast av bebuar og pårørande til ulike samankomster. Her kan besøkjande/pårørande få kjøpe seg middag.
 
Kva er ein primærkontakt?
Ved innlegging får kvar brukar tildelt sin primærkontakt. Primærkontakten er din kontaktperson, om det er noko du lurer på eller vil ta opp. Primærkontakt vil vere dei pårørande sin kontaktperson. Primærkontakten skal ha oversikt over brukar sine behov. Primærkontakt kan stå for innkjøp av det brukar treng, dersom brukar, pårørande eller verje ynskjer dette.
 
Kva kan du / dine pårørande vente av oss?
- vi hjelper til med å ivareta personleg hygiene og naturlege funksjonar
- høve til individuelle samtalar
- tilpassa hjelp ved måltid, og nok tid til å ete Vi motiverer brukarane til
 sjølvhjelp
- vi freistar å gi brukar tryggleik i det daglege Vi legg til rette slik at
   brukarane unngår uønska opphald i seng
- vi gjev mulegheit for ro og skjerma privatliv, sjølvstende og styring av
   eige liv
- den einskilde brukar og deira pårørande skal få oppleve å verte
   ivaretekne og respektert
- vi legg til rette for brukarmedverknad for brukar og deira pårørande. Vi
   legg til rette for ein verdig avslutning på livet
Det vert laga tiltaksplan ved innkomst
 
Døgnrytme:
Frukost: 08.30 - 10.00
Middag: 12.30 - 13.30
Kaffi: 15.30
Kveldsmat: 18.00 – 19.00
Aktivitet:
Aktivitetar i dei ulike avdelingar kvar måndag. Brukarane får tilbod om å vere på arbeidsstove kvar fredag frå 09.00 – 12.00. Dei får og tilbod om å delta på bingo kvar onsdag frå 10.30 – 12.30
 Hygiene:
Bebuarane får dusje når dei sjølv ynskjer det, og etter behov.

 
Kva ventar vi av deg og dine pårørande?
- at de gjev utrykk for dykkar ynskje
- respekt og forståing for at vi ikkje hjelper på område der brukar kan
 klare seg sjølv
- samarbeid med brukar og pårørande om å trene opp att funksjonar
- at brukar eller pårørande set namn på alle klede før innflytting,   
  heimesjukepleien kan hjelpe til med å bestille navnelappar før innkomst
- at den enkelte tilsett/tenesteutøvar vert møtt med respekt
- all røyking skal i utgangspunktet føregå utandørs, men unntak kan
 gjerast for bebuaren.
- det er ikkje høve for pårørande/besøkjande å røyke innandørs
 
Teieplikt:
Alle som arbeider ved Aurland Helsetun har teieplikt. Det tyder at vi ikkje kan gi opplysningar om dine personlege tilhøve til utanforståande.
 
Klage:
Klagen skal vere skriftleg og seie noko om kva det vert klaga på og kvifor. Du kan og klage dersom du meiner at du får dårleg handsaming frå tenesta si side. Klagen skal sendast tenesteleiaren for pleie, rehabilitering og omsorg.
Den som søkjer helsehjelp, kan påklage avgjerda etter § 2-1 i lov om helsetenesta i kommunane. Fristen for klage er 4 veker frå vedkomande fekk høve til å klage. Klageinstans er Fylkeslegen.
Ein klage som kjem etter fristen, kan likevel takast under handsaming når det vert funne rimeleg at den vert prøvd. Elles gjeld forvaltningslova sine reglar for klage.

Kontaktinformasjon

Aurland kommune
sentralbord:

Tlf. 57 63 29 00 
SMS 95 98 46 49

Teknisk vakt utanom kontortid:
57 63 29 05

 

Besøksadresse:
Vangen 1

Postadresse:
Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland