Innkalling til soknemøte

Vurdering av soknesamanslåing for sokna i Aurland

Vil du at sokna i Aurland skal slåast saman eller fortsetje som i dag?

Det vert med dette kalla inn til soknemøte i sokna i Aurland slik:

Nærøy sokn: 26. august kl. 15.30 i Ljom Ungdomshus

Vangen sokn: 17. september kl. 18.00 i Smedvang i Øvregata

Flåm sokn: 07. oktober kl. 12.00 i Flåm kyrkjestove

Undredal sokn: 21. oktober kl. 16.00 i Undredal skulehus

Sakliste:

- Godkjenning av innkalling og sakliste

- Val av referent og 2 personar til å signere protokoll

- Vurdering av soknesamanslåing (soknemøtet gir uttale)

- Vurdering av om ein skal ta i bruk Salmebok 2013 (soknemøtet gjer vedtak)

- Informasjon og innspel i forhold til lokal grunnordning

I soknemøta kan berre deis om er medlemmar i Den norske kyrkja og som er 15 år eller eldre delta og stemme.

Har du tankar og meiningar rundt det om dei 4 sokna skal slåast saman til 1 eller om ein skal fortsetje med fleire sokn, so kom å sei dei meining på soknemøtet i ditt sokn. I dag har me Aurland kyrkjestyre som har både fellesråds- og soknerådssaker for alle 4 sokna. Her sit det no 2 faste representantar for kvart sokn (til saman 8 folkevalde), i tillegg til sokneprest og politisk vald representant. Dersom ein fortset med 4 sokn, so vert det 1 liste for kvart sokn til kyrkjevalet 2019. Dersom ein vel å slå saman dei 4 sokna, so vert det 1 liste for heile kommunen. Kvar liste må innehalde minst det antal personar som skal veljast til å sitje som faste og vara i kyrkjestyre.

Velkomen til eit viktig møte for å forme framtida for kyrkja i Aurland!

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Kyrkja i Aurland

Kyrkjeverje:
Monica Finden
Telefon:  57 63 29 95
Mobil: 95 86 25 20

Besøksadresse:
Bankbygget 3. etasje

Postadresse:
Kyrkja i Aurland
Helabrotet
5745 Aurland