Brukar er ei glad og positiv jente på 18 år. Ho har utviklingshemming, ryggmargsbrokk og er rullestolbrukar. Ho går på vidaregåande skule og du vil assistere ho gjennom ulike gjeremål på skula og i heimen. Ho treng og assistanse på reise og ferie. Brukar er glad i musikk, dans, teater, kino, konserter, og er glad i å vere sosial. Du vil vere ein av fleire som jobbar i eit team rundt brukaren. Det vil vere nært samarbeid med brukar og brukars pårørande. Du vil få opplæring i nødvendige prosedyrar og bruk av diverse hjelpemiddel.

BPA-ordninga har turnus med døgnvakter med 3 døgn på, 14 dagar fri, 4 døgn på og 7 døgn fri i løpet av fire veker, og arbeid fjerde kvar helg. Assistentane føl brukars behov for assistanse, og i periodar kan det difor bli aktuelt å jobbe til andre tider, samt høgtid. Vikar vil følgje eigen arbeidsplan for 2022.

Personlege eigenskapar
Me vil gjerne ha kontakt med deg
som ønskjer å gjere ein forskjell, og bidra til god livskvalitet og meinigsfulle aktivitetar for brukar.

Du må vere:
engasjert
positiv
tolmodig
lærevillig
god til å samarbeide
fleksibel i forhold til arbeidstid
har godt humør

Krav til stillinga
Søkjarar må kunne dokumentere gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
God fysisk form
Sertifikat klasse B
Personlig egnethet vil bli vektlagt

Vi tilbyr
Opplæring og innføring vert gitt, og me kan rettleie undervegs.

Løns- og tilsetjingsvilkår
Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
Døgnvakt har passiv tid/ kviletid, med avlønning 1:3.
Ved tilsetjing vert det kravd politiattest

Krav til språkkunnskapar
Den som blir tilsett må kunne kommunisere godt på norsk både munnleg og skriftleg.

Generell informasjon om søknadsprosessen

Aurland kommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Det betyr at vi kun tek imot søknader gjennom vår elektroniske søkjeportal. Dersom du treng hjelp til å søkje eller har problem med pålogging kan du kontakte oss på tel 5763 2900. Dersom du er tilsett i kommunen eller tidlegare har søkt på ledig stilling hjå oss vil du allereie vere registrert som brukar i systemet. For å få tilsendt passord må du klikke "glemt passord".

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at  namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette i elektronisk søknadsskjema og grunngje valet i søknadsteksten. Vi tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom vi meiner at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.

Søknadsfrist    19.08.2022                                 Utlyst dato        20.07.2022                           Vårref                  845

 

Kontaktperson
Christine Warholm Naasen, Tenesteleiar, mobil: 95984651, christine.naasen@aurland.kommune.no