Viktige tidsfristar

2.januar: Registrering av politisk parti.
Søknaden må ha blitt journalført hos registreringsmyndighet innan 2. januar i valåret, for at registreringa skal kunne få verknad ved valet, jf.partiloven § 3 (3)

31.mars: Innlevering av listeforslag
Fristen for innlevering av listeforslag er kl. 12 den 31. mars i valåret. Listeforslaget vert ansett for innlevert når det er kome inn til kommunen ved kommunestyreval og til fylkeskommunen ved fylkestingsval, jf.valgloven § 6-1 (1)

Ein gjer merksam på endingar i vallova sidan forrige kommunestyreval når det gjeld rett til å kreve seg friteken frå val. Det er no nok at ein sender skriftleg erklæring om at ein ikkje ynskjer å stille til val på den aktuelle vallista.

Les meir om skjema og regelverk om krav til og behandlinga av listeforslag på valg.no

20.april: Tilbakekalling av listeforslag
Frist for forslagsstillarane til å kalle tilbake listeforslag, er seinast 20. april kl. 12, jf. valgloven § 6-5.

1.juni: Siste frist for godkjenning av listeforslag
Valstyret må ta stilling til listeforslaga seinast innan denne dato. Dei godkjente listeforslaga skal og leggast ut til gjennomsyn seinast 1.juni.

30.juni: Skjæringsdato for manntalet
Skjæringsdato for manntalet er 30. juni, dvs. manntallsført i kommunen er dei som er folkeregisterført som busett i kommunen på denne datoen, jf. valgloven § 2-4 (1).

1.juli: Tidlegstemmegjeving startar
I perioden 01.07.2015-07.08.2015 kan velgarane vende seg til kommunen og be om å få avgje røyst (tidligstemmegivning), jf. valgloven § 8-1 (4).

Førehandsrøysting utanriks, på Svalbard og Jan Mayen startar, jf. valgloven § 8-1 (1).

10.august: Førehandsrøysting startar
Ordinær forhåndsstemmegivning i perioden 10.08.2015-11.09.2015, jf. valgloven § 8-1 (1).

4.september: Førehandsrøysting utanriks vert avslutta
Forhåndsstemmeperioden avsluttes utenriks, jf. valgloven § 8-1 (2).

11.september: Førehandsrøysting innanriks vert avslutta
Forhåndsstemmegivningen innenriks avsluttes 11. september. Sjå valgloven § 8-1 (2).

14.september: Valdag

 

Kontaktinformasjon

Politisk sekreteriat

Kristian Stråmyr
Mobil: 95 98 46 47
E-post:
Kristian Stråmyr

Besøksadresse:
Rådhuset, Kommunetorget

Postadresse:
Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland