Teknisk eining har ansvar for kommunale bygg og eigedommar, kommunale vegar, parkanlegg, vatn- avlaup og renovasjon, førebyggjande brannvern og brannberedskap, samt oppmåling. Som ingeniør hjå oss vil du inngå i eit team med ansvar for å følgje opp drifta av eininga.

Det er dessutan stor aktivitet i Aurland kommune, der det er vedteke store investeringar i bygg og infrastruktur dei neste åra. Du inngår i eit team som gjennomfører desse investeringane, og vil få ansvar for gjennomføring av einskilde prosjekt. Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere:

- administrative oppgåver knytt til drift av eininga sine tenester, samt
- planlegging, prosjektering, teikning, søknadsprosessar, utarbeiding av konkurransegrunnlag og kostnadsoverslag, byggjeleiing og rapportering i samband med gjennomføring av investeringar.

Oppgåver vert fordelt på eininga etter kapasitet og kompetanse.

Kvalifikasjonskrav
- Utdanning som ingeniør på universitets- og/eller høgskulenivå med kompetanse innanfor eit eller fleire av fagområda: bygg/anlegg, kommunalteknikk, veg, vatn- og avlaup, eigedomsforvaltning og førebyggjande brannvern.
- Førarkort kl. B
- Kjennskap til relevant lovverk og offentleg forvaltning
- Gode kunnskapar i norsk munnleg og skriftleg. Målforma som må nyttast er nynorsk.

Erfaring kan vege opp for manglande utdanning basert på omfang og type.

Personlege eigenskapar
Me ønskjer at du har:
- utdannings- og arbeidserfaring innanfor eit eller fleire av fagområda.
- Erfaring frå offentleg forvaltning.
- Erfaring frå prosjektoppfølging, byggjeleiing og anbodsarbeid.
- Erfaring frå førebyggjande brannvern.

Me ønskjer oss ein resultatorientert medarbeidar med høg fagleg kompentanse og evne til å arbeide i team. Vedkommande bør ha gode samarbeidsevner, ei utadvent åtferd og vere løysingsorientert.

Me tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø
- Eit solid fagmiljø
- Ein travel arbeidskvardag med mange utfordringar
- Ein spennande arbeidsplass der du får medverknad på utviklinga i Aurland kommune

Løns- og tilsetjingsvilkår
Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.