Vil du kome til Aurland kommune
Vi har eit lite og trygt lokalsamfunn med moglegheiter både for store og små. Ønskjer du deg eit variert og aktivt liv er Aurland eit stad for deg! Her har me eit godt og breitt tilbod som turar, jakt, fiske, boksing, skyting, klatring, symjing og trening i idrettshall, alt i ein og same kommune. I tillegg til dette har vi fine restaurantar, kafear, bakeri og bryggeri. Helsetunet ligg sentralt i Aurland kommune med vakker utsikt til fjord og fjell. Helsetunet har 24 plassar fordelt på 3 avdelingar, 8 av plassane er for personar med demenssjukdom. Vi har lyse og trivelege omgjevnader med gode fasilitetar og utstyr. Her har me eige kjøkken som lagar god og næringsrik tradisjonsmat frå botnen av. Hjå oss får du kjekke kollegaar i eit inkluderande og fleirkulturelt arbeidsmiljø. Er du interessert i å vere med på å utvikle tenestene våre? Då kan dette vere jobben for deg!

Ved Aurland helsertun er det ledig
vikariat i 100 % stilling for vernepleiar/sjukepleiar frå 01.08.2022 i ca eitt år

Arbeidsoppgåver
- varierte arbeidsoppgåver som pasientansvarleg sjukepleiar / vernepleiar
- bistand til pasientane ved institusjonen
- samarbeid med pasient/pårørande, tilsette og andre eksterne instansar
- legemiddelhandtering og administrering
- dokumentasjon i journalsystemet Gerica
- tverrfagleg samarbeid
- oppgåver delegert frå avdelingsleiar

Me søkjer deg
som er motivert til å jobbe innan eldreomsorg, og er engasjert og interessert i faget. Har du evne til å vere audmjuk, er fleksibel og løysingsorientert? Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar og er opptatt av gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, at du tek initiativ, og har evna til å arbeide både sjølvstendig og i team. Vi voner du har godt humør, er til å stole på, og er engasjert og interessert i faget. Det er eit pluss om du speler instrument. Likar du å arbeide i eit godt arbeidsmiljø med nye utfordringar? Er du ein person som brenn for faget - då ynskje vi deg på vårt lag!

Me tilbyr
- bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum.
- ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad.
- gratis inngang til treningsrom og symjebasseng i Aurlandshallen.
- hjelp til å skaffe bustad
- hjelp til å skaffe barnehageplass
- hjelp til å skaffe arbeid til partner

Kvalifikasjonar
-  du må ha autorisasjon som vernepleiar/sjukepleiar
-  erfaring frå arbeid med brukargruppa er ønskeleg, men god opplæring blir gitt om du er nyutdanna
-  søkjar må kunne dokumentere gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg

Løns- og tilsetjingsvilkår
Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
Gode pensjons- og forsikringsordningar.

- tredelt turnus med arbeid kvar 3. helg. Heimevakter er rekna inn i turnusen.
- om det blir aktuelt å ta ei ekstra heimevakt, blir denne betalt med ein faktor 1:3

Du må legge fram gyldig politiattest.

Generell informasjon om søknadsprosessen
Aurland kommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Det betyr at vi kun tek imot søknader gjennom vår elektroniske søkjeportal. Dersom du treng hjelp til å søkje eller har problem med pålogging kan du kontakte oss på tel 5763 2900. Dersom du er tilsett i kommunen eller tidlegare har søkt på ledig stilling hjå oss vil du allereie vere registrert som brukar i systemet. For å få tilsendt passord må du klikke "glemt passord". 

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at  namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette i elektronisk søknadsskjema og grunngje valet i søknadsteksten. Vi tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom vi meiner at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.

 

Søknadsfrist    12.06.2022                                 Utlyst dato        12.05.2022                           Vårref                  829

 

Kontaktperson

Ingrid Finden Bekkedal, Avdelingsleiar, mobil: 95984639, ingrid.finden.bekkedal@aurland.kommune.no