Vidaregåande opplæring

Fylkeskommunen har ansvar for all vidaregåande opplæring. 
Fylkeskommunen i Sogn og Fjordane

Vidaregåande skule i Aurland

Sogn Jord og hagebruksskule (SJH) er ein vidaregåande skule som underviser i økologisk landbruk - skulen er den einaste økologiske jordbruksskulen i landet.
Skulen er eigd av Sogn og Fjordane fylkeskommune og er ei landsline, dvs. at elevar frå heile landet har same rett til elevplass ved skulen. Det er eige internat på skulen, der dei fleste elevane bur.
 

Vidaregåande opplæring for vaksne

Fylkeskommunen har ansvar for vidaregåande opplæring for vaksne. Dei som har fylt 25 år og ikkje har fullført vidaregåande opplæring, har lovfesta rett på vidaregåande opplæring (jfr. Opplæringsloven).