Korleis det ustabile fjellpartiet Stiksmoen påverkar områdeplanen

Rapporten frå NVE knytt til det ustabile fjellpartiet Stiksmoen viser at nokon av faresonene i planen må utvidast til å gjelde heile A-feltet. Kommunen kan likevel tillate utbygging på A-feltet, då §7-4 i TEK17 seier at det er lov med utbygging i område med fare for flodbølgje som skyldast fjellskred, så lenge visse vilkår er oppfylt. Desse vilkåra går mellom anna ut på at kommunen må vise at utbygginga er av avgjerande samfunnsmessig betydning, at det er etablert varslingssystem og at fysiske sikringstiltak er vurdert.

Kommunen har allereie gjort slike vurderingar knytt til Joasetbergi. Desse vurderingane må no sjåast på i samband med Stiksmoen. Kommunen kjem derfor til å ha ein dialog med NVE og Statsforvaltaren om dette.

Andre avklaringar som må gjerast

I samband med høyringa av områdeplanen i fjor sumar fekk kommunen mellom anna motsegn knytt til vurdering av kvikkleire i utløpsområde. Det vil seie at faren for kvikkleireskred frå mellom anna området frå Fretheim til Vikji må undersøkast. Kommunen arbeider med å avklare dette. Vidare vil kommunen vurdere kva andre høyringsinnspel som skal innarbeidast i planen. Det vil sannsynlegvis kome ei politisk sak knytt til dette i løpet av våren.