Sentio Research Group kjem til å ringe 300 personar i Aurland kommune og tilby dei å vere med i ei innbyggjarundersøking via telefon. Det er sjølvsagt frivillig å vere med.

Det er Aurland kommune som har engasjert Sentio. Vi ynskjer å vite kva du meinar om heimstaden din. Kjenner du deg trygg? I kor stor grad er du nøgd med dei kommunale tenestene? Svara gjev oss kunnskap som vi treng i arbeidet med samfunnsplanen til kommunen og til arbeidet med å utvikle tenestene til innbyggjarane.

Undersøkinga blir gjennomført frå 18.01.21 og i om lag to veker framover.