Evna til å sjå og å bruka fantasien, er noko alle bør ta seg tid til å gjera.

Elementa i utstillinga er ikkje omarbeida, berre reingjort og montert. Natur er kunst i seg sjølve. Med fantasi  og inspirasjon frå mytologi og folketru som huldra, troll, nøkken og mytologiske skikkelsar kan ein stein eller ei rot få eit heilt anna uttrykk.

Ideen til å byrja og bruka auga og fantasien meir  i naturen kom frå ein ven som fann ei rot, på sin tur. Det siste året har me vandra og brukt naturen meir enn nokon gong før.
Kunstnaren sitt mål med utstillinga er å insoirera til å gå ut og sjå bruka augo, bruk tid i naturen og oppdaga naturen sine eigne kunstverk.

ArtByNature2.jpg