Aurlandsvangen – Heradshuset

Laurdag 30. oktober og laurdag 06. november 11:00-16:00

Utstillinga er open øvrige dagar måndag  – fredag  09:00-15:30


Bli med på ein ny og spanande reise inn i Ole Gaarders univers der naturens eigne kunstverk kan gje deg eit nytt blikk på omgievnaden.

Evna til å sjå og å bruka fantasien, er noko alle bør ta seg tid til å gjera.

Natur er kunst i seg sjølve. Med fantasi og inspirasjon frå mytologi og folketru som huldra, troll, nøkken og mytologiske skikkelsar kan ein stein eller ei rot få eit heilt anna uttrykk.

Elementa i utstillinga er henta frå naturen og er ikkje omarbeida, berre reingjort og montert.

Ideen til å byrja og bruka auga og fantasien meir i naturen kom frå ein ven som fann ei rot, på sin tur. Det siste året har me vandra og brukt naturen meir enn nokon gong før.

Kunstnaren sitt mål med utstillinga er å inspirera til å gå ut og sjå , bruka augo, bruk tid i naturen og oppdaga naturen sine eigne kunstverk.