Målet med planen er å skapa ein heilskapleg visjon og arbeidsplan for arbeidet med ferdselsårane og turrutene i kommunen. Me ynskjer å inkludere innbyggjarar, organisasjonar, næringsaktørar og elles andre interesserte inn i arbeidet og til å kome med innspel på kva som er bra og kvar ein har forbetringspotensiale.

Det vil derfor bli arrangert grendemøter rundt om i kommunen der me ynskjer å samla inn konkrete innspel på:
• Kva stiar og løyper me skal ivareta og prioritera tilrettelegging og vedlikehald av
• Kven stiane skal vere for: gjester, innbyggjarar og/eller folk med spesiell behov
• Kva tilrettelegging stiane treng
• Kva ressursar og attraksjonar som er knytt til stiane våre
• Kva må me ta omsyn til
• Kva slags formidlingsverktøy som kan nyttast (tavler, skilt, sosiale medier osv)
 
Grend           Dato             Tid                      Stad
Aurland         28.jan           Kl.19.30-21.00   Aurland Rådhus
Undredal       29.jan          Kl.18.30-20.00   Undredal skulehus
Gudvangen   4.feb            Kl.18.30-20.00   Gamle Gudvangen Hotell
Flåm               5.feb            Kl.19.30-21.00   Flåm Samfunnshus
Vassbygdi     11.feb           Kl.19.30-21.00   E-CO

Møta er opne for alle og me håper de blir med på  dei møta som er mest aktuelle for dykk. 

Spørsmål: Anja Marken Arealplanleggjar  | t: +47 959 84 628 | e: anja.marken@aurland.kommune.no