Smitte

Det har kome 3 positive PCR-svar på korona fredag 21.jan, alle desse er kjente nærkontakter. Me har såleis sidan sist fredag påvist 17 koronasmitta i kommunen. Dette er ikkje store tal, og det er no synkande trend. Me oppmodar alle som har symptom og alle nærkontakter om å ta test. Ring oss på 95984625 for avtale

Vaksinering

Me held fram med vaksinering kvar torsdag framover. Dei som ikkje har hatt anledning til å ta vaksina enno, kan kome torsdagar framover. Førebels har me sett opp vaksinering torsdag 27.jan og torsdag 3. februar – begge dagar kl 9-13.  Dersom tidspunkt passar dårleg, kan de ta kontakt med legekontoret på telefon 57632999, så kan me finna anna eigna tidspunkt. Vaksine er framleis viktig for å unngå alvorleg sjukdom – både for den enkelte og samfunnet.

Kontakt

Test-telefon: 95984625 (får du ikkje svar straks – ringjer me oppatt)

Legekontoret: 57632999