I kommunekart.com (digitalt planregister) finn du alle vedtekne reguleringsplanar og dokumenta som høyrer til dei. Sjå rettleiing for korleis du brukar kommunekart under. 

Kva informasjon er tilgjengeleg?

 

Slik finn du fram i kommunekart på mobil

Trykk her for å gå direkte til WebHostel der du finn alle plandokumenta. Her kan du finne reguleringsplanen du vil sjå i lista eller søke på plannamnet. 

Skjermbilde 3.JPG

Skjermbilde webhostel.JPG

kommunekart.com kan du sjå arealplankartet til reguleringsplanen, få informasjon om eigedomsgrense, godkjente byggetiltak og sjå kva bygg som er registrert i matrikkelen. 

Gå inn på kommunekart.com, zoom deg inn på det aktuelle området og trykk på "kartlag" oppe til venstre for å få opp denne informasjonen. 

Skjermbilde 2.JPG

Trykk på eit område i kartet for å få opp meir informasjon om reguleringsplanen, t.d. namn på planen eller link til planen i WebHostel. Trykk på den grøne ruta med adressa nederst på skjermen.

InkedScreenshot_20210423-132233.jpg

Trykk på "Reguleringsplan" og deretter "Planarkiv" for å få opp alle dokumenta som høyrer til planen.

InkedScreenshot_20210423-132246_LI.jpg

 

Slik finn du fram i kommunekart på web

  1. Gå inn på kommunekart.com og zoom deg inn til området du vil finne gjeldande plan for. Du kan zoome deg inn i kartet eller slå opp gards- og bruksnummer eller adresse.

1.jpg

 

  1. Trykk på «Kartlag» oppe til venstre. Då får du opp ein meny der du kan velje meir informasjon. Du kan sjå eigedomsgrenser, godkjente byggetiltak, bygningar som er registrert i matrikkelen og reguleringsplanar. Trykk på «Reguleringsplaner» for å få opp gjeldande plan.

2.jpg

 

  1. Dersom du trykker på eit område i kartet kan du få opp meir informasjon om arealformål (reguleringsformål) og kva faresone som er registrert i området.

3.jpg

 

  1. For å få opp alle plandokumenta kan du trykke på «planarkiv».

4.jpg

 

  1. Du blir då ført vidare til GISLINE WebPlan der alle dokumenta er registrert. Her finn du alle dokumenta som er registrert i saka, som føresegner, planomtale og eventuelle rapportar. Trykk på kvart dokument for å lese det.

5.jpg