1) Alle som kjem til Aurland for å opphalde seg her, etter opphald i områda som vist i punkt 3, vert pålagde heimekarantene i 14 dagar etter ankomst.

2)  For personar som utviklar sjukdom eller symptom i karanteneperioden, gjeld dei til ei kvar tid gjeldande føringane til styresmaktene for konvertering av karantene til isolasjon.

3) Vedtaket gjeld per 16.03.20 reisande frå følgjande område: Fylka Oslo, Agder, Rogaland, Viken, Vestfold og Telemark, Innlandet, tidlegare Sør-Trøndelag fylke og dei geografiske områda som svarar til tidlegare Hordaland fylke unnateke Voss kommune.  
 
Transittopphald på flyplass i desse områda og heimreise direkte i egen bil frå flyplass, vert ikkje rekna som opphald i området. 
 
Vedtaket vert gitt tilbakeverkande kraft frå og med 12. mars. 
 
Reisande som ikkje har symptom, kan reise til planlagd opphaldsstad, men skal under reisa så langt det let seg gjere halde avstand til andre.  
 
Reisande med symptom skal umedelbart i isolering, og dei kan ikkje nytte offentleg transport.  Leiing av verksemder som er lista etter DSB sin definisjon av samfunnskritiske funksjonar vert gitt løyve til å gjere unntak for eige symptomfritt nøkkelpersonell når dette er strengt nødvendig for å oppretthalde forsvarleg drift av kritiske samfunnsfunksjonar. Til dømes: Helsepersonell. Personell til brøyting og vedlikehold av veg og jernbane, brann og redning. El forsyning m.m. Lista er ikkje uttømande. 

Pendling av arbeidskraft begge veger må vurderast opp mot andre løysingar. T.d. heimekontor. Arbeidstakarane må vere symptomfrie og fylgje nøye hygienereglar, avstandsreglar og begrense sosial kontakt til eit minimum. Me har tillit til at den einskilde tek ansvar for dette og at arbeidsgjevar legg til rette. 
 
Det er høve til å søke dispensasjon av sosiale grunner. Smittevernlegen har mynde til avgjerd i slike saker. Sakshandsamingstid skal vere maksimum 2 døgn. 
 
Vedtaket gjeld frå 16.03.2020 og gjeld inntil nytt vedtak er fatta.

Søknad om dispensasjonar:
Søknad om dispensasjon kan søkjast om til Helse og forebygging v/ Guri Olsen; e-post: guri.olsen@aurland.kommune.no. Søknad vert handsama av smittevernlege Trygve P Ness (mobil 959 84 635).  Søknaden skal sendast skrifteleg.