Det ligg føre motsegn frå Statsforvaltaren til byggeområde BFT (Fritids- og turistføremål) og V (bruk og vern av sjø og vassdrag), kommunen har ikkje heimel til å vedta ein plan det ligg føre motsegn til. Kommunestyret har gjort den delen av planen det ikkje ligg føre motsegn til rettskraftig.
Plandokument finn du på denne linken:
Saksdokument for planen finn du her:
Det er klagerett på Aurland kommunestyre sitt vedtak til Statsforvaltaren etter plan- og bygningslova §§12-12 og 1-9, jfr forvaltningslova kap VI. Klagen må fremjast skrifteleg og sendast til Aurland kommune, Vangen 1, 5745 Aurland eller på e-post til post@aurland.kommune.no, innan 3 veker. Klagen må vere grunngjeven og det må opplysast om kva for tilknyting klagaren har til det området saka gjeld.
Krav om erstatning eller innløysing med heimel i plan- og bygningslova §§15-2 og 15-3, må fremjast innan tre-3-år etter denne kunngjeringa. Krav om erstatning eller innløysing i høve til reguleringsplanen, skal rettast til: Aurland kommune, Vangen 1, 5745 Aurland.