Sti- og løypeplanen er ein temaplan som gir oversikt over viktige og relevante ferdselsårer i kommunen

Plandokument

Trykk her for å sjå saksutgreiing og innspela som kom inn i høyringsrunden.

 

Planen består av to dokument og eit kartgrunnlag:

Trykk her for å sjå tiltaksdelen.

Trykk her for å sjå tekstdelen.

Trykk her for å sjå kartgrunnlaget.

 

Innspel i høyringsperioden

Det kom inn 29 innspel i høyringsperioden. Av innspela som kom inn er halvparten av innspela frå grunneigarar og halvparten frå andre aktørar, som overordna myndigheiter, styre og næringsaktørar. Innspela frå grunneigarar som ikkje ønskja sti over sin eigedom er teke omsyn til og dei føreslegne stiane dette gjeld er teke ut av planen.

Vidare arbeid

Det er sett ned ei arbeidsgruppe med representantar frå Aurland kommune ved eining for kultur, Nærøyfjorden Verdsarvpark, Visit Sognefjord, Aurland Turlag, grunneigarar og næringsliv. Desse skal arbeide med oppfølging av tiltaksdelen i planen.