Bestilling av time for testing med PCR test

For å ta PCR test må du ringje legekontoret på telefon 95984625 før kl. 11.00 for å bli testa same dag. 
Testing skjer kl. 12.30 på sjøsida av Fjordsenteret, ved bakdøra til legekontoret. 

Du skal ikkje møte direkte opp på legekontoret, eller ta kontakt i luka.

I helgar kan ein ta kontakte legevakt 116117 for avtale testing. 

 

Utdeling av sjølvtest

Vaksne med luftvegssymptom vert råda til å testa seg med sjølvtest. Sjølvtestar får du gratis frå kommunen, så lenge me har testar nok. Testar blir utlevert på følgjande stader:

  • Ved legekontoret – utlevering kl 12.30 alle kvardagar. Ring for avtale på førehand, tlf 95984625 (om du ikkje får svar, ringjer me deg oppatt)
  • Ved Rådhuset – i resepsjon kl 08.00 -15.30
  • Ved Aurland helsetun – utlevering kl 15 lørdag og søndag etter avtale. Ring på førehand, 45 87 90 54 eller 45 87 89 70. Bruk inngong frå 3.etg
  • Ved Underdalsbui – i butikken si opningstid
  • Ved Joker Gudvangen – i butikken si opningstid

Be om å få utlevert testar til heimebruk. Du får vanlegvis utlevert ein 5-pkn. Denne kan brukast av fleire i husstanden. Be om fleire testar om du treng ved smitte i familien.

Me ber om at de brukar munnbind når de hentar testar.

Legekontoret har opning for PCR-testar kvar dag kl 12.30. Ring på førehand for avtale på telefon nr 95984625.


Det blir ikkje delt ut testar frå kommunen sitt lager til test før aktiviteter, som «føre var», konsert, fritidsarrangement eller ved reiser. Til dette må du kjøpe test frå butikk / apotek.

Registrer din positive hurtigtest her!

Du få SMS varsling når prøvesvaret ditt for korona test er klart.

Det kan ta 2-3 arbeidsdagar før du får svar på testen. Du vil motta ein SMS når testsvaret føreligg.

https://www.fhi.no/nyheter/2020/varsel-til-din-mobiltelefon-nar-provesvar-for-koronatest-er-klart/