Kommunevåpen for nyhende

Varsel om kokepåbod i Undredal

Borehol som forsyner Undredal vassverk er ute av drift. 

Fram til nytt borehol er etablert, blir vatn pumpa direkte frå elva. Vanligvis er det eit UV anlegg i drift ved pumping frå borehol. I og med at det no vert teken vatn direkte frå elva vil kommunen køyre to UV anlegg i serie. Fram til det ligg føre to påfølgjande godkjende vassprøvar, vil det vera kokepåbod for abonnenter  tilknytt Undredal Vassverk. 

Ta kontakt med tenesteleiar Teknisk Reinhardt Sørensen 95984604 ved spørsmål.