Det blir tilbydd både influensavaksine og oppfriskingsdose av korona-vaksine på vaksinasjonsdagane. Det er valfritt kva vaksine du vil ha, og du kan få begge same dag.
- Onsdag 23 oktober frå kl 09:00 - 13:00 for dei over 75 år, i Ais.
- Torsdag 24 oktober frå kl 09:00 - 13:00 for dei under 75 år, i Ais.
Personar i same husstand kan kome saman til vaksinering.
Prisar
Influensavaksine 170,- (frikort gjeld ikkje)
Koronavaksine gratis
Tilrådingane for Influensavaksine og oppfriskingsdose av korona-vaksine er om lag like:
- Bebuarar i omsorgsbustad og sjukeheim
- Alle fra fylte 65 år
- Gravide i 2. og 3. trimester, og gravide i 1. trimester med anna tilleggsrisiko
Barn og vaksne med:
- Kronisk lungesjukdom
- hjerte- og karsjukdom (utanom høgt blodtrykk)
- diabetes type 1 og 2
- leversvikt eller nyresvikt
- kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, spesielt personar med nedsatt lungekapasitet og/eller hostekraft
- nedsatt immunforsvar som følge av sjukdom eller behandling av sjukdom (td organtransplanterte, kreft, HIV, reumatoid artritt og andre sjukdommar)
- svært alvorleg fedme (KMI over 40)
- annen alvorleg og/eller kronisk sjukdom der infeksjon utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege
Vaksine mot lungebetennelse – pneumokokkvaksine:
Denne er også tilrådd alle i same grupper som over. Den skal givast kvart 5. år. Dei som ynskjer denne kan ta kontakt med legekontoret på tlf 57632900 for å få sett den der. Det må gå 14 dagar mellom denne og vaksinering med influensavaksine / covid19 vaksine. Denne vaksina kostar 450,-
Barn i risikogrupper
Barn i risikogrupper frå 0-18 år vil få tilbod om vaksinering på helsestasjonen.
Dei kan ta kontakt på tlf 95984640 for å avtale tidspunkt.