Mjølfjell-Brandset er lokalisert i Voss og Aurland kommune, der arealet i Aurland utgjere ein mindre del og er verna. Men i verneføresegnene vert det gjeve unntak for Forsvarets verksemd. Feltet har ein størrelse på ca 130 km2 og blei etablert for å dekkje behov for militær opplæring, men området vert også nytta av allmenta til friluftsliv og jakt.

Forsvarsbygg ynskjer å fortsette bruken av dei skytebanene som er aktive i dag, samt ha moglegheit til å ta i bruk stengte baner og etablere nye ved behov. Det er opplyst at framtidig aktivitet i stor grad vil samanfalle med den som har vore. Ammunisjonen som vert nytta inneheld stoff som kan forureine vatn og grunn. Det vil blant anna vere utslepp av stoffa bly, kadmium og krom. Avrenninga frå skytefeltet drenerer ut via hovudelvene Brandsetelvi og Rjoåni.

For meir utfyllande informasjon og for å gje høyringsfråsegn kan ein gå inn på https://tema.miljodirektoratet.no/no/Horinger/Landbasert-industri/Forsvarsbygg-sokjer-om-verksemd-pa-MjolfjellBrandset-20192124/

Aurland kommune ynskjer kopi av eventuelle merknader så vi får kvalitetssikra vårt fråsegn om det er noko som må undersøkast nærmare. Desse kan sendast på post@aurland.kommune.no.

Høyringsfrist er 29. april 2019.