Kommunevåpen Aurland kommune

Utlysing: Fast 100% stilling som ergoterapeut

Vår erfarne ergoterapeut vel nå å gå av med pensjon, og vi søker hennar ettarfylgjar. 

Me har ledig
Vår erfarne ergoterapeut vel nå å gå av med pensjon, og vi søker hennar ettarfylgjar. Ergoterapitenesta er veletablert i kommunen, og stillinga er fast 100% med tiltreding seinast 1. oktober. 

Stillinga er organisert under tenesteeininga Helse og Førebygging. Eininga organiserer i tillegg til ergopterapeut, legekontor, helsestasjon med jordmor, fysioterapi, rus og psykiatriteneste, treningskontakt og koordinator.

Arbeidsoppgåver
- habilitering, rehabilitering, helsefremjande og førebyggjande arbeid
- koordinering og tverrfagleg samarbeid
- rettleiing av brukar, samarbeidspartnarar og pårørande
- dokumentasjon og elektronisk sakshandsaming
- formidling av hjelpemiddel, samt tilpasning og oppfylgjing og kommunalt hjelpemiddellager
- være kommunens kontaktperson opp mot NAV hjelpemiddelsentral
- tilrettelagt transport, dør til dør kort, parkeringsløyve, bustadtilpasning

Arbeidet vil skje i brukars heim, institusjon, skular, barnehagar osb.

Andre oppgåver kan bli lagd til stillinga.

 

Me tilbyr
Lønns- og arbeidsvilkår etter gjeldende avtaleverk.
Eit utfordrande og fagleg spennande arbeide i tverrfagleg arbeidsmiljø

Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som ergoterapeut
- gode norsk kunnskaper
- erfaring fra kommunal ergoterapitjeneste, kvardagsrehabilitering, hjelpemiddelformidling og tverrfagleg samarbeid
- erfaring frå sakshandsaming
- gode datakunnskapar - kommunen nyttar Gerica
- kjennskap til NAV hjelpemiddelsental sine verkemiddel
- Sertifikat for personbil og høve til å nytte eigen bil.

Personlege eigenskapar
- evne til å samhandle og arbeide tverrfagleg med andre kommunale tenester
- positiv, engasjert og motivert
- evne til å arbeide sjølvstendig, systematisk og målrettet
- gode språk og datakunnskaper
- stor arbeidskapasitet
- innovativ og nytenkande
- fleksibel

Løns- og tilsetjingsvilkår
Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
Helse og omsorgstenestelova krev at det ved tiltreding vert lagd fram godkjend politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader.

Generell informasjon om søknadsprosessen
Aurland kommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Det betyr at vi kun tek imot søknader gjennom vår elektroniske søkjeportal. Dersom du treng hjelp til å søkje eller har problem med pålogging kan du kontakte oss på tel 5763 2900.
Dersom du er tilsett i kommunen eller tidlegare har søkt på ledig stilling hjå oss vil du allereie vere registrert som brukar i systemet. For å få tilsendt passord må du klikke "glemt passord".

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at  namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette i elektronisk søknadsskjema og grunngjevalet i søknadsteksten. Vi tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom vi meiner at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.

Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk.

Søknadsfrist    12.08.2020                                 Utlyst dato        30.07.2020                           Vårref                  698

Kontaktperson
Guri Olsen, Leiar Helse og førebygging, mobil: 95984663, guri.olsen@aurland.kommune.no

 

Søk stilling

 

Kontaktinformasjon

Aurland kommune
sentralbord:

Tlf. 57 63 29 00 
SMS 95 98 46 49

Teknisk vakt utanom kontortid:
95 98 46 00

Beredskap

Besøksadresse:
Vangen 1

Postadresse:
Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland