TV-aksjonen i år er tildelt WWF, og deira arbeid for å bekjempe plast i havet.

Om lag åtte millionar tonn plast havnar i havet kvart år. Plasten er eit trugsmål både mot livet i havet og på land. Med konkrete tiltak der problema er størst, skal vi saman redusere plastutsleppa og saman ta vare på verdshava.

Arbeidet startar i Søraust-Asia der problema er størst ved å etablere og utbetre eksisterande avfallssystem. Aksjonsmidlane går til WWF Norge, og er difor øyremerkte tiltak i Indonesia, Vietnam, Filippinene og Thailand.

Grunna smittevernomsyn vert det i år ikkje tradisjonell bøssebering dør-til-dør, men innsamling på digitale bøsser.

 

Bli digital bøssebærar!

Aurland kommune er tradisjonelt blant dei beste gjevarkommunene i landet. Lat oss vise at me kan forsvare den stillinga, også digitalt.
Kommunekomiteen i Aurland oppmodar alle, -både privatpersonar, lag, organisasjonar og verksemder, om å delta i dugnaden ved å støtte dette viktige arbeidet gjennom bidrag til TV-aksjonen.

Alle som ynskjer det kan registrere si eiga digitale bøsse. Dette kan gjerast ved å gå inn på:

blimed.no

blimed.no/skole

blimed.no/næringsliv

Etter registrering kan du dele bøssa di på sosiale medier, og blant venner og kjende. På den måten er du med på å bidra. Også ordføraren og resten av formannskapet vil registrere sine digitale bøsser.

Korleis finn ein ei bøsse å gje til?

Logg inn: spleis.no/bosser  

Under «Finn din lokale bøsse» legg ein inn fylke og kommune. Bøsser som er registrerte i Aurland vert synlege og kan nyttast valfritt.

Det kan også gjevast bidrag til bank på kontonummer: 8380 08 09005

 

Treng du hjelp til å registrere deg som digital bøssebærar, ta kontakt med aksjonssekretær, tlf. 57632900.

Meir informasjon om TV-aksjonen finn ein på:

https://blimed.no/tv-aksjonen.nrk/tv-aksjonen-2020/

 

Lykke til!

Helsing aksjonskomiteen: Per Are Flåm, Jonas Ure Hylland, Trygve Skjerdal