Reguleringsplan for turveg mellom Heggvikji og Bøen vart vedteken 16.06.2016. Prosjektet omfattar turveg mellom E16 og fjorden og varierar frå å gå oppe ved E16 og nede langs sjøkanten. Måla til prosjektet er å auke talet på gåande og syklande mellom Aurlandsvangen og Flåm, samt å sikre trygg veg for mjuke trafikantar langs E16.

Kommunestyret har sett ned ei styringsgruppe som skal følgje prosjekta "Turveg Heggvikji - Bøen" og "Aurland trafikk og parkering".  Samansetninga av styringsgruppa vart endra etter kommunevalet 2019.  Styringsgruppa består av leiar Leiv Jarle Bergheim, Monica Finden, Bengt Erlend Skjerdal og Gøran Johansen.

Styringsgruppa
Bilete: Styringsgruppa f.v  Jan Olav Å. Møller, Leiv Jarle Bergheim, Monica Finden, Gøran Johansen, Bengt Erlend Skjerdal og Ingunn B. Skjerdal.

Sjå referat frå siste møte i styringsgruppa her.

Det pågår arbeid med kjøp av grunn med grunneigarar langs strekninga til gjennomføring av tiltaket. Kommunen er i dialog med eksterne partar om medfinansiering av tiltaket. 

Sjå presentasjon av korleis turvegen vil sjå ut her.

Vidare arbeid før byggefase:
- Grunnerverv
- Detaljprosjektering og geoteknisk prosjektering
- Oppmålingsarbeid; Klarlegging av eksisterande grenser og frådeling
- Anbod og byggesøknad