Ta nærturen tilbake!

No er mange mykje inne med heimekontor og heimeskule. Frisk luft og inntrykk i naturen kan gi oss nye tankar og pusterommet vi treng for å klare dagane betre. Så lenge vi er varsame med å kome for nær andre, er vi med på den nasjonale dugnaden: å unngå spreiing av viruset.

Vi var nok mange som fekk ei sms-helsing frå eigen kommune med ei oppmoding om å «unngå grupper av folk», akkurat i det sola sto høgst på himmelen sist laurdag. I det flotte været, i fleire kantar av landet, blei det ei utfordring med samlingar av folk i populære turområde. No er tiltaka ytterlegare stramma inn til at vi bør unngå større grupper enn fem personar, og det har kome ekstraordinære turvettreglar, som for byfjella i Bergen.

Det blir enno viktigare å finne turområde vi veit ikkje så mange brukar. Kan hende gå ein ny sti? For mange er det også god grunn til å ta fram den gode gamle nærturen – og kanskje piffe han litt opp?

Med mobilen på tur

«Enno meir skjerm, akkurat no når vi ser meir skjerm enn nokon gong?», tenker du kanskje. Eg meiner ikkje vi skal fortape oss ned i mobilane våre, så vi gløymer å sjå i kring oss. Men ein tur-app før, under eller etter turen kan vere både motiverande og gøy for små og store. Her finn du nokre forslag (som er gratis, om ikkje pris står ved sida av):

 

Kva høyrer du og kven har gått her?

whatbirdMed WhatBird kan du sjekke kva for fugl du høyrer. Appen kjenner att tjueto av dei vanlegaste songfuglane i Noreg og er laga med støtte frå Miljødirektoratet og NTNU. Han blir utvikla vidara, så om du får gjort eit godt opptak av fuglesong, kan du sende det inn for vurdering: whatbird@ablemagic.no. Lillesøstera, SmallBird (kr. 11,-),  er ei eiga utgåve for barn, og her kan ein lære seg å kjenne att fuglar på visuelle trekk og song. I tillegg er her ein mixmax-leike, der barna kan setje saman ulike delar og pusle seg fram til riktig fugl. Då kan ein få høyre korleis han syng – eller lage flotte fantasifuglar.

Viltappen frå Svenska Jägerförbundet gir deg informasjon om nordiske pattedyr du kan møte, høyre eller sjå spora av på vegen din i naturen.

Med iNaturalist kan du i tillegg til å finne art og namn på dyr, også finne ut kva for insekt og plantar du ser på turen din. Ved å opne kameraikonet (observer) og sikte på noko du ønskjer å identifisere, kan appen finne det til deg der og då, eller du kan sjekke bilde når du kjem heim (om du ikkje har internett-tilgang og vil spare på mobildata). Appen  gir deg latinske namn på plantar som du kan søke opp for å finne det norske namnet.
 

 

Kva ser du i kring deg?

 
Dersom du gir tilgang til posisjonen din på mobilen, kan du bruke appar med geografisk informasjon om område du er i. Wiki Go er ein app som gir deg kort informasjon om stadar og landemerke i nærleiken av deg. Du får opp bilde og den viktigaste informasjonen (i tillegg er det mogleg å kjøpe heile artiklar på Wikipedia for kr. 22,-).

Med Miljøstatus kart kan du opprette ei rute når du startar turen. Ved å velge ulike tema for ruta, får du tilgang til ei rekke opplysingar om miljøet. Du kan mellom anna finne ut om der finst turstiar, kulturminne, verna artar eller freda bygg i kring deg. Miljødirektoratet, Riksantikvaren, Norsk Polarinstitutt og Statens strålevern med fleire står bak, og nettversjonen www.miljostatus.no er ei rik kjelde til oppdaterte artiklar om tema som klima, hav og kyst, naturområde, forureining osb.

iSikte Norge (kr. 44,-) er skreddersydd den norske fjellheimen. Her får du informasjon om kva du ser i kring deg, gjerne langt i det fjerne. Du finn avstand frå der du står og kor lang tid det vil ta å gå til målet. Du får også tilgang til kart med stadar og avstandar. For kr. 11,- kan du kjøpe ein Selfie-modus, og du kan dele «skrytebilde» direkte frå appen.

Med Norgeskart får du tilgang til fleire typar kart, som topografisk kart, sjøkart frå Statens Kartverk og Googles satellittkart.

Ved å laste ned og registrere deg i appen Hjelp 113 gir du automatisk tilgang til informasjon om kvar du er om du må ta kontakt for hjelp, som kan spare tid i ein nødssituasjon.

 

Trimpoeng

Vi blir råda til å ikkje bruke turpostkassar no på grunn av smittefaren. På Norgeskart friluftsliv finn du ein TellTur-funksjon der du kan registrere turane dine. Dette er ei rekkje av landet sine friluftsråd sin postkassetrim. TellTur-funksjonen er gratis ut 2020 som eit ledd i kampen mot spreiing av korona.

kaffipauseGå10 registrerer dei minutta du går og gir deg ekstrapoeng når du går i friskt tempo. Appen er utvikla av Helsedirektoratet for å få fleire til å kome i gang med gåturar. Med varianter som MapMyHike og MapMyTracks får du enno fleire val for å følge med på utviklinga når du trimmar. Du kan teste kor fort du går eller spring osb.


Registrer strandsøppel

Alle ryddeaksjonar i strandsona og elles er utsette til hausten, og vi blir råda til å ikkje rydde no. Om du er i nærleiken av kysten og ønskjer å rydde litt på vegen din likevel, bør du helst gjere det utanfor allfarveg og hugs alltid hanskar. Ein kan ikkje levere inn marint avfall no, så du må også lagre det inntil vidare. Når vi er tilbake til normalen,  kan ein levere inn dette søppelet gratis dei fleste stadar, og mange avfallsselskap kan også hjelpe til å hente.

Det vi kan gjere no, er å notere oss bak øyret og inne i den nasjonale ryddeportalen til Hold Norge Rent – kor det er trong for rydding. Der kan du også finne ut korleis du kan grovsortere og registrere det du finn – så vi kan følge med i utviklinga på kva for søppel som er den største utfordringa. Dei er i gang med å utvikle ein app av portalen. Du kan også vere med på Naturvernforbundet sin Viltsøppel-konkurranse.

Ta deg også tid til å lese denne glad-artikkelen frå 3. mars 2020 om at strandrydding er forska på og vi kan slå fast at det hjelper, hurra!

Sjølv om mykje blir utsett, kan vi også hjelpe miljøet på andre måtar. Miljøagentene har laga eit miljøoppdrag som barna kan ta tak i heimefrå for kvar dag skulen er stengd. Dei kan også sende inn kva dei har utført og vinne ein liten premie.

Det er lov å drøyme!

Den norske turistforeningen (DNT) sin ut.no er turplanleggaren framfor alle, anten du vil bruke appen eller nettversjonen. Akkurat no blir vi oppmoda om å ikkje leggje ut på lange strabasiøse turar. Vi kan heller ikkje bruke turisthyttene – men planlegge kor vi kan gå seinere, det kan vi! Her finn du ei rekke turforslag, overnatting og tips – alt ordna på kart. Klikk og drøym!

bålturDet blir heller ikkje arrangert felles turar akkurat no, men følg gjerne det lokale turlaget ditt for inspirasjon til turar seinare. Lokallaga av DNT arrangerer turar på alle kantar av landet for ulike målgrupper, som Barnas turlag, Seniorlag, DNT ung, og DNT fjellsport.
Kan hende får du lyst til å hive deg med på å ruste opp stiar og anna i triveleg selskap eller gå på eit av kursa dei står bak, på seinare tidspunkt? Bli inspirert av å kikke på lokallaget ditt på Facebook.

Dagsturhyttene som ligg i kvar kommune i tidlegare Sogn og fjordane, og no er under planlegging i resten av Vestland fylke, kan vi heller ikkje gå inn i akkurat no. Så lenge du har god avstand til andre, kan du bruke ei dagsturhytta og uteområda som turmål. Med appen DNT sjekk ut! kan du «samle» på hyttebesøk og vinne premiar. Draum om besøka du skal gjere seinare ved å følge https://www.facebook.com/dagsturhytta/ og @dagsturhytta.

Outtt gir deg også tips til spennande turmål og aktivitetar, anten der du bur eller stadar du vil reise til. Her får du lekre turskildringar med informasjon om korleis du kjem deg til startpunktet, kor lang og vanskeleg turen er, overnatting, værmelding for området med meir.

Skisporet gir deg oppdatert informasjon om skiløyper i nærleiken av deg, og Varsom Regobs fortel om skred- og flomfaren.

Inspirasjon til turmat

God mat méd kan gi mykje turglede, også på nærtur. Kanskje det er no du skal ta deg tid til å teste ny turmat? Her finn du inspirasjon; turmat på matprat.no, og sjå denne Facebook-sida med turmat frå heile verda.


Når det kveldast

Google Sky Map er ein app for å utforske stjernehimmelen. Peik mobilen mot stjernene over deg og finn ut kva dei heiter og meir. Auroral Forecast gir deg melding om kor store sjansar det er for å finne nordlyset på bestemte tider og stadar.


Dele opplevingar

Det å leite etter motiv, ta fine bilde eller film og dele med andre, kan vere eit eige mål med turen – og det treng ikkje koste noko. Om du ønskjer å redigere ut over funksjonar i mobilen, er Snapseed eit av dei enkle gratis programma for å justere, skjære, rotere og legge til tekst. Med iMovie blir du plutseleg filmskapar!

Populære turtaggar som #utno #mittfriluftsliv #utnorge #utpåtur på Instagram lar deg både følge og vere med å dele turopplevingar. DNT med taggen #utno har av og til foto- eller filmkonkurransar med ulike tema ein kan vere med på ved å nytte taggen. Det same har NRK og TV2, til dømes med #nrkutinaturen (kven kosar seg ikkje med «Folkets dyrevideoer» i jula?) og #godmorgennorge.

For sofakroken vel heime

For djupare dykk ned i spennande fakta om landskap og historie for området du har i kring deg, kan du her i vest nytte kunnskapsbasen https://www.grind.no/, som  er Universitetet i Bergen sin portal for formidling av kunnskap om landskap og livsmiljø.

Og enno nokre tips for tur-inspirasjon:
Norsk Friluftsliv og Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet.


Av Lena Jensen Glesnes, Bibliotekutvikling Vestland 

Foto heading: Bjønnstigvarden 19.06.2010 Foto: ALR Noralv Distad
Foto elles: Bibliotekutvikling Vestland