Trudvang Kino er ein frivillig driven kino, starta i 1992.
Målsetjinga for kinodrifta er å gje publikum i Aurland kommune
eit så variert og kvalitativt godt kinotilbod som mogleg.
Frå august til juni set me opp om lag 65 førestillingar.
Trudvang Kino deltek kvart år i Den Store Kinodagen, kino-Norge
sin store festdag første laurdagen i november.
Ved årsskiftet 2010/2011 vart Trudvang Kino digitalisert.
Dette innebar ei investering på meir enn 1, 2 millionar kroner, og tyder
at både lyd og bilde blir digitalt, og at publikum vil kunna oppleva kinopremierer
langt oftare enn i dag.
Desse er engasjert i drifta av kinoen:
Terje Horvei Kinoansvarleg/maskinist