Opningstider blir måndag, onsdag og fredag frå kl 17.00 - 21.00. 

Teknisk set inn ekstra ressursar i høve reinhald for å følgje smittevernreglane.  Det er vktig at alle tek med seg eiga handklede.  Det kan opphalde seg maksimalt 15 personar inne i lokale samstundes.  

Retningslinjene frå folkehelseinstituttet må følgjast, dette inneber blant anna:
- Berre tren dersom du er heilt symtomfri.
- Vis omsyn, hald avstand, ein meter avstand ved moderat fysisk trening, to meter ved hard fysisk trening.
- God handhygiene, vask hender før og etter trening.
- God apparat og utstyrshygiene, husk å vaske av utstyr etter bruk.

- Dusj og garderobe kan nyttast dersom avstandskrav på ein meter og andre smittervernråd vert følgt. Vi opnar difor ein garderobe til menn og ein til kvinner. 

Ta kontakt med Teknisk v/ Ola Bjørgum ved spørsmål på mobil 971 90 134.