Treningskontakt

Treningskontakten er ein ressursperson som skal bidra til å bryte sosial isolasjon ved å opne tilgang til ulike arenaer for fysisk aktivitet. Treningskontakten skal hjelpe andre med å bygge opp gode aktivitetsvaner og nettverk i ulike aktivitetsmiljø. 

Treningskontakt kan tilby individuelt tilpassa aktivitet etter brukarens funksjonsnivå, ønsker og behov. Målet med den fysiske aktiviteten skal være realistisk og basert på gode mestringsopplevingar. Tiltaket er meint å være hjelp til sjølvhjelp, der brukarane sjølv etter kvart tar ansvar for eigen trening. Med god starthjelp frå treningskontakt vil ein kunne komme i gang og etablerer gode vaner.

Treningskontakten i Aurland kommune har tilbod om individuell trening, friluftsaktivitetar, styrketrening i gruppe og ballspel i hallen. Har du andre ynskjer og behov vil ein prøve å tilpasse etter dette.   

Treningskontakten er i tett samarbeid med ruskonsulent, psykisk helse, NAV, fysioterapeut, lege og kreftkoordinator. Ein kjem i kontakt med treningskontakt ved å bli henvist frå ein av desse instansane. Tilbodet er eit lavterskeltilbod som er gratis.

Treningskontakt i Aurland kommune:
Anna Martine Jonsson
Telefon: 47453909
E-post: anna.martine.jonsson@aurland.kommune.no

Treningskontakt i Aurland kommune
Treningskontakt i Aurland kommune Anna Martine Jonsson
Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Treningskontakt
Anna Martine Jonsson 
tlf 474 53 909