Ny symjehall

To faste stillingar som badevakt

Me har ledig to faste stillingar som badevakt i 24% stilling.

Bassenget er i høve plan for drift av anlegget ope tysdag og torsdag frå 17:00 til 21:00, samt laurdag 11:00 til 15:00.

Planen kan verte endra, med tilsvarande endring av arbeidstid. Periodevis kan anlegget verte stengt.

Badeanlegget består av garderobar med badstu, terapibad og treningsbasseng på 25 meter.

Arbeidsoppgåver

Du inngår i ordning med to andre badevakter, der det i høve arbeidsplanen skal vere to badevakter når bassenget er ope for offentleg bading. Arbeidsoppgåvene i arbeidstida delast mellom vaktene og er:

Badevakt har oppmøte eit kvarter før opning av bassenget for fysisk oversyn og klargjering, og sluttar eit kvarter
etter stengetid.

I opningstida har badevaktene tilsyn med dei badande, og syt for at det ikkje oppstår farlege situasjonar i
bassenget. Badevaktene vedlikeheld sikkerheits- og redningsutstyr, og ser til at dette er klart til bruk. Badevaktene
handsamar ulykker og andre uønska hendingar, utfører livredning og førstehjelp. Etter stengetid har badevaktene
oppgåver i høve reingjering av anlegget. Ved høve tilrettelegg badevakten for arrangement.

I tillegg består arbeidsoppgåvene av billettering, oppgjørsrutiner, rettleiing og service ovanfor brukarane av
symjehallen og å følgje med på overvakingsanlegget.

Kvalifikasjonar
- Symjedugleik
- Minimum alder 18 år
- Fysiske minimumskrav
- Grunnleggande datakunnskaper
Gyldig livredningskurs er ønskjeleg frå start, og eit krav før ein byrjar i jobben. Kommunen tilbyr gratis livredningskurs for badevakt. Kunnskap om livreddande førstehjelp er ønskjeleg. Opplæring i stillinga vil verte gjeve.

Om du kan stille som tilkalling på drift av trimrommet er dette ein fordel (minimum alder 18 år).

Personlege eigenskapar
Å vere badevakt er ein fysisk krevjande jobb og du må ha god symjedugleik. I tillegg må du kunne stupe og dykke. Du må vere serviceinnstilt, glad i menneske og ansvarleg. Du må òg ha oversikt og kunne ta raske avgjerder. Som badevakt må du kunne halde deg roleg dersom ein kritisk situasjon oppstår. Me ser gjerne etter deg med interesse for symjing!

Krav til språkkunnskapar
Du må beherske norsk muntleg.

Løns- og tilsetjingsvilkår
Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.

Søknadsfrist 30.07.2020

Kontaktinformasjon

Aurland kommune
sentralbord:

Tlf. 57 63 29 00 
SMS 95 98 46 49

Teknisk vakt utanom kontortid:
95 98 46 00

Beredskap

Besøksadresse:
Vangen 1

Postadresse:
Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland