22. jan. 2021 kl. 16:19

Informasjon om Korona-pandemien

Me oppmodar alle om å halde seg oppdatert og følgje nasjonale råd og føringar.

Les mer

Ta kontakt om du treng hjelp eller har spørsmål.

Tilsette i kyrkja er alltid tilgjengelege om du treng oss, oppdatert 09.09.2020

Kyrkjeverje Monica Finden er heile tida tilgjengeleg på tlf. 95862520, e-post monica.finden@aurland.kommune.no eller på messenger. Ta kontakt om du har du spørsmål om gravferd, dåp, vigsel eller andre ting.

 

Fungerande sokneprest John Ove Thaule er tilgjengeleg på tlf. 95262085 eller e-post johnothaule@gmail.com og vikarprest Ådne Skiftun er tilgjengeleg på tlf. 90872129 eller e-post aadne.skiftun@gmail.com  om du ynskjer kontakt eller samtale med prest.

Elles er det sett inn slike tiltak:

-         Gudstenester vert gjennomført med begrensa tal deltakarar ut frå kravet om 1 m. avstand. Dåp vert i hovudsak teke i eigen seremoni etter gudstenester for at flest mogleg i dåpsfylgjet skal få vere med i kyrkja. Konkret vurdering i kvart enkelt tilfelle.

-         gravferder, vigslar og dåp vert gjennomført med begrensa tal deltakarar for å overholde kravet om 1 m. avstand

-         trusopplæringsaktivitetar med born/unge frå fleire klassar/skular/barnehagar er avlyst/utsett. Konfirmantundervisninga går som vanleg.

 

Ved evnt. endringar i retningslinjene frå bispedømet, kommunen eller andre instansar, so vert informasjonen oppdatert.

 

Sjå facebooksida Kyrkja i Aurland for oppdatert informasjon.

Kontaktinformasjon

Kyrkja i Aurland

Kyrkjeverje:
Monica Finden
Telefon:  458 75 686
Mobil: 95 86 25 20

Besøksadresse:
Bankbygget 3. etasje

Postadresse:
Kyrkja i Aurland
Helabrotet
5745 Aurland