Tilrettelagt transport 2018

Er du :
- blind eller sterkt svaksynt?
- avhengig av rullestol?

Eller har du:
- store problem med å hugsa eller orientera deg i tid og rom?
- sterkt redusert funksjonsevne på andre måtar?

Fører dette til at du:
- har store problem med å nytta kollektive transportmiddel?

Då kan du søkja om å bli godkjend brukar av tilrettelagt transport. Ordninga er eit tilbod til dei som grunna varig funksjonshemming har store vanskar med å nytte ordinære kollektive transportmiddel. Transporttilbodet skal bidra til at dei skal kunne leve eit så aktivt liv som mogleg.

Du må søkje på standardisert skjema og legge ved legererklæring, elles vil ikkje søknaden bli handsama.

Retningsliner:
​Tilrettelagt transport i Sogn og Fjordane - retningsliner (pdf)

Søknadsskjema:
Søknad om tilrettelagt transport. Søknadsskjema til utskrift(pdf)

Søknadsfrist er 13. november.

Du kan også få skjemaene tilsendt ved å henvende deg til:

Anna K. Marstein,
Sakshandsamar tilrettelagt transport, Helse og førebygging
Tlf 9598 4630

Gerd Astrid Skjerdal
Kontorfullmektig, Helse og førebygging
Tlf 9598 2001

Me gjer merksam på at desse kriteriane ikkje vil gje grunnlag for godkjenning:
- Mangel på kollektivtilbod der du bur
- Naturleg alderdomssvekking
- Tidsavgrensa funksjonshemming 

Kommunevåpen Aurland kommune
Kommunevåpen Aurland kommune
Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Ergoterapeut
Anna Karien Marsten

Kontortid
Måndag – torsdag:
kl. 08.30 – 15.30

Telefon
57 63 20 34 (direkte)
95 98 46 30 (mobil)

E-post
Anna Karine Marstein 


Gerd Astrid Skjerdal
tlf 57 63 20 01

 

Besøksadresse 
Fjordsenteret 2. etasje
ved Aurland Fysioterapi