Tilbod i Aurland kulturskule

TILBOD TIL 1. og 2. KLASSE

GRUNNOPPLÆRING

Grunnopplæringa er eit tilbod for deg som går i 1. eller 2. klasse (viktig å velje riktig klasse!)

Undervisninga går føre seg i gruppe, med vekt på song, rørsle, dramatisering og leik.

Det er både grunnopplæring tilbod i Aurland og Flåm, tall grupper og samansetting er avhengig av tal påmeldte.

Når du har gått gjennom grunnopplæringa i 1. og 2. klasse kan du velje eit av dei andre tilboda frå og med 3. klasse.

 

TILBOD FRÅ OG MED 3. KLASSE:
Når du kjem til tredje klasse så kan du velja ein individuell time eller råkkegjengen.

Råkkegjengen

Råkkegjengen er ypperleg for deg som ikkje veit kva instrument du bør velja. Undervisninga er retta mot samspel, men med meir instrumental fordjuping, 30 minutt kvar veke.

Instrumenta du får prøva er; piano, gitar, bassgitar og trommer. I tillegg får gruppa 30 minutt vokalundervisning kvar veke. 

MUSIKK

Bassgitar

Om det finnes noko som 'det viktigaste instrument' i band, da må det nesten vere bassgitaren!

Bassen skapar fundamentet i akkordane og er avgjørande for 'groove' eller 'swing'.

Utan bass ingen puls i musikken! Men bassen kan like godt ha ein melodisk solo!

Ynskjer du å heve bandet til nye høgdar, da er bassen kanskje noko for deg!
 

Gitar

Det er mange som har ein gitar liggande... Kjekt å bare kunne ta opp gitaren og spele litt.

Me fokusera i første omgang på repertoar og teknikk. So fort som muleg starta me i band og gjere oss klare til konsert.

Alt er muleg: elektrisk gitar i rockeband, kasse-gitar, singer-songwriter, folkemusikk, m.m
 

Piano

Lær og spel favorittlåtane dine etter notar og besifring. Vakre melodiar, tøffe rockeriff eller klassiske perler. 
 

Hardingfele

Undervisning i slåttespel etter tradisjonelle opplæringsmåtar, stort sett utan notar.

Undervisning individuell og i gruppa.

 

Messing Blåseinstrument

Vil du lære å spille trompet? Kornett? eller flygelhorn?

Dersom du ynskjer å ta time for moro skyld eller har ambisjonar til å spile i et band eller korps, så kan du få undervisning tilpassa etter dine behov og musikksmak.

Det er morosamt å lære seg å spille et instrument.

I utgangspunkt er timane individuell, men samspel er ein viktig del av opplæringa. Da får du betre musikkforståing, innsikt i musikkens ulike element og blir kjende med repertoar frå ulike tidsperiodar.

Samt å utvikle tekniske ferdigheter på hovudinstrumentet.

Lyst til å prøve et messinginstrument? Bare melde deg på!

 

Slagverk

Likar du rytme? Da er tromme kanskje noko for deg!

Du lærar å spille trommesett og ulike andre perkusjonsinstrument.
 

Toradar

Trekkspel

Lær og spel etter gehør. Kjende melodiar, vals, polka, reinlender med meir. 

(undervisninga startar med forbehold om at ein har lærar for skuleåret)​
 

Vokal

Liker du å syngje? Da er sangundervisning noko til deg!!!

Her får du inspirasjon til å syngje, tryggheit til å sleppe fri stemma, både heima, i kor eller på skulen.

Du lærar å formidle musikk, utvikle tekniske ferigheitar, og følelsesuttyrk gjennom stemma.

Undervisninga er tilpassa dine mulegheiter og musikksmak.

Målet er å få elevane til å fungere både sjølvstendig og i gruppe/bandsituasjon.

Noen ynskjer å blir profesjonelle songarar, mens andre ynskjer musikk som hobby.

 

Uansett er musikk ein viktig del av livet!

 

BILETKUNST

Opplæring i teikning og måling med akvarell og akrylfargar.

Det vert lagt opp til praktisk arbeid i grupper med fagleg rettleiing frå lærar.

Undervisninga føregår i gruppe på onsdagar i ABU si handverkslokal.

 

KULTURSKULETILBOD TIL ELEVAR MED SPESIELLE BEHOV

Har du lyst til å vere med i musikk- og kulturskulen, men har du spesielle behov på grunn av fysiske eller andre orsakar?

Meld deg på til dette tilbodet, så tek me i musikk- og kulturskulen kontakt med deg for å diskutere behovet og mulegheitene!!

 

I Aurland kulturskule er det plass til alle!!!

 

Kontaktinformasjon

Aurland musikk- og kulturskule

Tenesteleiar og rektor:
Monica Hille
Mobil 915 41 178

Postadresse:
Aurland musikk- og kulturskule
Vangen 1
5745 Aurland