2. juni vert det gjennomført møte i Levekårsutvalet frå kl. 09.30 og Plan- og eigedomsutvalet frå kl. 13.00. Plan og eigedomsutvalet skal delta på synfaring om trafikkregulering i Flåm i forkant av møtet.

Deretter vert det møte i formannskapet og fondstyret 4. juni frå kl. 09.00 og kommunestyret 18. juni.

Alle møta vert streama/kringkasta i sanntid på KommuneTV. Me oppmodar publikum på det sterkaste om å halde seg heime og i staden sjå sendinga frå møtet på nett.

Dørene til rådhuset vil vere stengt, publikum må difor følgje oppslaget på døra for å kome inn. Ta kontakt med politisk sekretariat ved spørsmål: kristian.stramyr@aurland.kommune.no / tlf. 95 98 46 47