Alle som sjølv har mistanke om at dei er smitta av Covid-19, får høve til å teste seg. 

Følgjande bør testast:
- Alle med akutt luftvegsinfeksjon eller andre symtom på Covid-19.
- Alle som har vore utsett for smitte med Covid-19, ved nærkontakt eller etter reise i land eller område med høg førekomst av smitte dei siste 10 dagane.
- Andre grupper kan testast etter vurdering av lege. Ved test av personar som ikkje har symtom og ikkje er eksponert for smitte, må positiv test bli bekrefta av ny test. 

Kontakt Aurland legekontor på tlf 57 63 29 99 for å avtale tidspunkt for testing. Du skal ikkje møte direkte opp, eller ta kontakt i luka. I helgar kan ein kontakte legevakta på 116117 for å avtale testing. 

 

Guri Olsen
Tenesteleiar Helse og førebygging