Ungdomsklubben - tenesteerklæring

Hovudmål

UNGDOMSKLUBBEN I AURLAND
Klubben skal vere ein tilrettelagt arena for sosial og kulturell samhandling for ungdom.


Kva er tenesta?
Ungdomsklubben er ein tilrettelagt arena for ungdom, der vi legg vekt på sosial og kulturell samhandling i trygge omgjevnader.

Hovudmomenta i tenesta er:
• klubben er ein stad der ungdom møter vaksne personar som er trygge på seg sjølv, og som er gode rollemodellar
• dei vaksne er tilretteleggjarar og pådrivarar for aktivitet og utvikling
• ungdomsklubben er ei frivillig arena for trivsel og samhandling, samarbeid og solidaritet, der prestasjonar, karakterar og ”krav” ikkje høyrer heime
• ungdomsklubben er ein møteplass der ungdom deltek på eigne premiss
• i klubben møter ungdom andre på eigen alder i sosialt fellesskap
• klubben skal vere ein verkstad for eigenprodusert kultur, der ungdom får høve til å utvikle og utfalde seg sjølv
• klubben er ein treningsarena for sosial læring, der ansvar og deltaking kan gi trivsel og auka sjølvtillit
• tenesta er i vidt perspektiv ei særskilt viktig førebyggjande arena
• tenesta er ein arena for danning og utvikling, for personleg vekst og trivsel


Kven gjeld tenesta for?
Tenesta gjeld for alle ungdom i kommunen opp til 19 år. Tilbodet er delt i to:
Aktivitetsklubben er eit tilbod for aldersgruppa 10 – 13 år, medan ungdomsklubben er for ungdom frå 8. klasse og opp til 19 år.

Innhaldet i tenesta
Samla sett gir tenesta eit tilbod som femnar vidt for begge ”målgruppene”:
• ulike aktivitetar knytt til natur
o natursti
o samarbeid med andre lag/ organisasjonar om ferdsle/ aktivitet i friluft

• ulike aktivitetar knytt til kultur
o trening og øving med ulike instrument
o dans, drama og ulike formar for teater/ framføring
o jule/ påskeverkstad

• ”Innomhusaktivitetar”
o spel og spelekveld
o biljard, bordtennis
o internett
o
• andre aktivitetar
o møte med andre lag og organisasjonar
o bedriftsbesøk
o kveldsmøte med politi, særskilt med tanke på det førebyggjande aspektet
o reise til andre klubbar i nærområda/ nabokommunane for å delta på felles arrangement eller aktivitetar

Kor lenge varer retten til tenesta?
Tenesta er hovudsakleg retta inn mot barn og ungdom frå 10 – 19 år.

Kva tenesta IKKJE omfattar
Det er vanskeleg å setje råmer for kva vi ikkje kan gjere i klubben.

Kva kan du forventa av tenesta?
• At tenesta er tilgjengeleg for ungdom i Aurland kommune
• personalet er trygge og ærlege rollemodellar
• personalet ser kvar einskild barn/ ungdom som deltek i klubben
• vi tek kontakt med dei føresette dersom det av ulike årsaker skulle verte naudsynt
• det vert gjeve munnleg eller skriftleg melding om reduksjon i tenesta

Kva forventar tenesta av deg?
• Vi ser det som ønskjeleg med eit godt samarbeid med heimen, slik at barn og ungdom til dømes har med seg naudsynt klede og anna utstyr når vi reiser på tur og aktivitetar
• Av medlemmane forventar vi respekt og forståing for reglane vi i fellesskap har utarbeidd for klubben

Kva kostar tenesta?
Medlemsskap i Aktivitetsklubben er kr. 100 per år, og kr. 200 i ungdomsklubben (Cobraklubben). Ved nokre aktivitetar, turar osb. kan det verte eigenbetaling.

Korleis går du fram for å søkja om tenesta?
Ved å vede deg til kommunetorget vil foresette og ungdom komme vidare i kontakt med leiar for klubben.

Kvar kan du klaga?
Dersom det skulle vere noko å klage på, ber vi om at det verte teke opp munnleg eller skriftleg til klubbleiar Anita Lærum. 

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Kontaktperson:
Anita Lærum - arbeidsleiar
Mobil: 950 67 289
E-post: Anita Lærum

Besøksadresse:
Fritidsklubben:
Aurland idretts- og samfunnshus - underetasjen/kjellar

Postadresse:
Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland