Synfaringa skjer i samband med eit prosjekt kommunen har med NVE for å kartlegge skredfare for eksisterande busetnadar. Skredtypane som vert vurdert er snøskred, sørpeskred, steinsprang, steinskred, jordskred og flaumskred. Det skal produserast eit faresonekart i tråd med krava i TEK17 for utvalde område og ein rapport som grunngjev soneavgrensinga. Kartlegginga kan nyttast i byggesakshandsaming, noko som vil gjere det enklare for innbyggjarane i kommunen når dei skal i gang med nye tiltak.