19. jan. 2021 kl. 13:35

Informasjon om Korona-pandemien

Me oppmodar alle om å halde seg oppdatert og følgje nasjonale råd og føringar.

Les mer

Symjebassenget 2021

Årskort, halvårskort og klyppekort kan brukast både i symjehallen og i treningsrommet.. Når ein kjøper årskort for basseng og treningsrom, får ein 50% rabatt på kort nr. 2. Føresetnaden er at korta vert kjøpt samtidig. Årskort, halvårskort og månadskort kan berre brukast av den kortet er utsteda på. 
 
 
Prisar symjebassenget 2021
Årskort vaksen 2750
Årskort ungdom/honnør 1650
Halvårskort vaksen 1650
Halvårskort ungdom/honnør 990
Klyppekort (12 klypp) vaksen 650
Klyppekort (12 klypp) ungdom/honnør 390
   
Enkel time vaksen 100
Enkel time ungdom/honnør 60
   

 

eFaktura

Få rekninga som eFaktura

Aurland kommune tilbyr eFaktura til sine kundar.

Med eFaktura får du rekninga ferdig utfylt i nettbanken. Du kan sjølv endre beløp og forfallsdato før du godkjenner med eit klikk.

I nettbanken har du full kontroll over betalte og ubetalte rekningar – uansett kvar du er.

 

eFaktura medfører at rekningane vert sendt til deg ferdig utfylt til nettbanken din i staden for i postkassen. Du slepp såleis å bruke unødig tid på inntasting av lange KID- og kontonummer. Du kan gjere eigne endringar før du godkjenner betalinga. eFakturaer som allereie er betalt, ligg tilgjengeleg i nettbankarkivet ditt i 16 månader.

Det vil også vere mogleg å kombinere eFaktura med avtalegiro. Du vil då få faktura med spesifikasjon tilsendt elektronisk til din nettbank, medan trekket vil skje automatisk ved forfall.

Avtale om eFaktura med Aurland kommune teiknar du sjølv i nettbanken din.

For meir informasjon, sjå internettadresse www.efaktura.no  eller kontakt økonomiavdelinga, tlf. 57 63 29 53.