Stortingsvalet 2017 - Tidlegrøysting

TIDLEGRØYSTING: Dersom du ikkje kan røysta i den ordinære førehandsrøysteperioden eller på valdagen, har du høve til å røyste frå måndag 3. juli ved kommunetorget, rådhuset. Røystetida er frå kl. 09.00 til kl.15.00, måndag til fredag.

Du kan tidlegrøyste i perioden 1. juli til og med 9. august. Frå 10. august startar den ordinære førehandsrøystinga. Førehandsrøystinga vert avslutta fredag 8. september. 

Valkort vert sendt ut i månadsskifte juli/august. Skal du førehandsrøysta før du har motteke valkort, ta med legitimasjon.

Røystesetlane som vert brukt ved tidleg førehandsrøysting, inneheld berre namn på alle registrerte politiske parti i Noreg. Merk av det partiet du ynskjer å røysta på. Ynskjer du å røysta på eit parti som ikkje står på røystesetelen, skriv partinamnet i det blanke feltet på røystesetelen.

Vallogo
Vallogo

Kontaktinformasjon

Politisk sekreteriat

Kristian Stråmyr
Mobil: 95 98 46 47
E-post:
Kristian Stråmyr

Besøksadresse:
Rådhuset, Kommunetorget

Postadresse:
Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland