Stortings- og sametingsvalet 2017 - Kunngjering om utlegging av manntalet

Namnet ditt må stå i manntalet dersom du skal kunne røyste ved stortingsvalet måndag 11. september 2017.

Manntalet vert lagt ut til ettersyn her i veke 28:
Aurland: Kommunetorget, Rådhuset
Vassbygdi: E-CO Vannkraft sitt administrasjonsbygg
Flåm: Coop Marked
Undredal: Undredalsbui
Gudvangen: L. Hyllands eftf.
 
Dersom du meiner at du sjølv eller nokon annan uriktig er blitt innført eller utelete frå manntalet i kommunen, kan du krevje at valstyret rettar opp feilen. Kravet skal vere skriftleg og grunngjeve.
 
Send til: Aurland valstyre, Vangen 1, 5745 Aurland 
 
Manntal Sametinget
Manntalet vert lagt ut til ettersyn på kommunetorget i rådhuset i veke 30
 
Dersom du meiner at du sjølv eller nokon annan uriktig er blitt innført eller utelete frå manntalet til sametinget, kan du krevje at Sametinget rettar opp feilen. Kravet skal vere skriftleg og grunngjeve.
 
Adressa til Sametinget er: Sametinget, Àvjavàrgeaidnu 50,  9730 Karasjok
 
 
Aurland, 26.06.2017
 
Noralv Distad
Leiar i valstyret
Vallogo
Vallogo

Kontaktinformasjon

Politisk sekreteriat

Kristian Stråmyr
Mobil: 95 98 46 47
E-post:
Kristian Stråmyr

Besøksadresse:
Rådhuset, Kommunetorget

Postadresse:
Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland