For tildelinga av Aurland kommune sin kulturpris gjeld følgjande reglar:
1. Det kan kvart år tildelast ein kulturpris til einskildperson eller lag/gruppe som har gjort seg særskilt fortent til ein slik pris for innsats og arbeid på kulturområdet.
2. Omsorg, Oppvekst og Kultur avgjer om prisen skal delast ut og kven som skal få han. Storleiken på kulturprisen vert fastsett i kvart årsbudsjett. Kulturprisen vert normalt overrekt av ordførar på siste kommunestyremøte før jul. Etter utlysing i pressa skal innbyggjarane i kommunen innan ein fastsett tidsfrist, kunne kome med grunngjeve framlegg til prisvinnar.
3. Kulturprisen skal tildelast ein person som har lagt ned ein stor innsats for lagsarbeid, miljøskaping, instruksjonsarbeid, vidareføring av kulturelle tradisjonar og kulturelle uttrykksformer, lokalhistorisk arbeid, kunstnarleg verksemd eller arbeid for born og ungdom.
4. Kulturprisen skal óg kunne tildelast ei gruppe eller eit lag som fyller vilkåra i punkt 3.
5. Det skal stå kommunen fritt om prisen skal vere ein gjenstand tilsvarande den summen som det er budsjettert med i pris.
6. Prisvinnaren skal ha ein diplom med grunngjeving for pristildelinga.
7. Kvart år vert kandidatar som det er gjort framlegg om dei to føregåande åra, automatisk tekne med i vurderinga.
Vedteke av kommunestyret i møte 18. 12. 1986, sak k-120/86, endra 26.02.2001, HU sak PS 014/01.