I vinter arrangerte kommunen grendamøte i Aurland, Vassbygdi, Flåm, Undredal og Gudvangen i samarbeid med Nærøyfjorden Verdsarvpark. Møta vart gjennomført som ein workshop der deltakarane fekk kome med innspel til grunnlagsmaterialet til planen. Deltakarane fekk utdelt ein oversikt over dei eksisterande stiane i kommunen og moglegheit til å kome med tilbakemelding på kva som mangla av til dømes infrastruktur og skilting. Deltakarane kom òg med innspel til nye stiar dei ønskja skal bli tilrettelagt.

Resultatet frå grendamøtene har vore ein viktig del av det vidare arbeidet med sti- og løypeplanen då det la grunnlaget for kva stiar som vart prioritert vidare. Sti- og løypeplanen skal etter planen leggjast ut på høyring før jul. Sjølve planen vil bestå av tre deler - ein tiltaksdel, ein tekstdel og eit kartgrunnlag:

  1. Tiltaksdelen skildrar retningslinjer og tiltak knytt til dei ulike stiane. Denne delen vert utforma som ei brosjyre som vert sendt ut til lag, organisasjonar, turistinformasjon, næringsliv, stiftingar og andre aktørar med ønskje om at den vert fylgt opp i det vidare arbeidet med stiar og ferdselsårer i Aurland kommune.
  2. Tekstdelen skildrar bakgrunn for arbeidet, metode og gjev ein oversikt over status på kvar sti i kommunen.
  3. Kartgrunnlaget viser ein oversikt over alle stiane i kommunen og vert registrert i norgeskart.no.

 

Retningslinjer for arbeid med stiane

Eit av måla med å lage ein sti- og løypeplan er at arbeidet mellom kommunen, grunneigarar, verneområdestyret, Verdsarvparken og frivillige lag og organisasjonar skal koordinerast betre. Det er derfor mellom anna utarbeida retningslinjer for det vidare arbeidet med stiar i kommunen. Til dømes skal merking og skilting følgje ein standard mal, det alltid skal føreliggje frivillige avtalar mellom grunneigar og tilretteleggjar før opparbeiding av ein sti, det er utarbeida prinsipp knytt til opparbeiding av infrastruktur, det skal ikkje etablerast nokon nye stiar inn i villreinområde, naturreservat eller verneområde og det skal lagast ein plan for kva stiar som skal vere for lokale og kven som kan marknadsførast for besøkande.

Etter at planen er vedteke skal det opprettast ei arbeidsgruppe med representantar frå kommunen, lag og organisasjonar, næringsliv og grunneigarar. Denne gruppa skal arbeide med oppfølging av planen.

Tiltaksliste for prioriterte stiar

I planen vert det utarbeida ei tiltakslista som gjev oversikt over kva tiltak me ønskjer å gjere med kvar sti i løpet av dei neste åra, kven som har ansvar for å gjennomføre tiltaka, aktuelle samarbeidspartnarar og kor tid tiltaket skal gjennomførast. Det er lagt inn 71 stiar i tiltakslista der ansvaret for gjennomføring vert fordelt mellom ulike aktørar. Desse 71 stiane er eit utdrag av alle stiane som finst i kommunen og vil bli revidert etter kvart.

Tiltakslista finn du her, her kan du sjå kva stiar som er prioritert med tiltak for dei neste åra. Ver merksam på at dette framleis er eit arbeidsdokument og eit utdrag av sjølve planen.

Ta gjerne kontakt med sakshandsamar dersom du har spørsmål om planen: anja.marken@aurland.kommune.no, 95984628