Utval for plan og eigedom gjorde følgjande vedtak i møte 19.oktober:

PEU- 040/20 Vedtak:

- Aurland kommune ønskjer å nytte områdemodell for finansiering av felles infrastruktur og tryggingstiltak i områdeplanen for Flåm.

- Det vert lagt opna for begge køyreretningar i plan.

- A-feltet skal vere mest mogleg bilfritt. Grusbana vert regulert til parkering kombinert med friområde. Parkeringa på Neset vert regulert til grøntområde for å erstatte tap av friområde på grusbana. Den kommunale lagringsplassen vert regulert til delvis parkering og landbruksområde.

- Bussparkeringa ved stasjonen vert verande slik den er i dag.

- Tomta der leikeplassen ligg kan nyttast til veksthus i samband med prosjekt Energi og miljøsats, men ikkje nokon andre utbyggingsformål.

- Det vert opna for auka byggehøgde basert på estetiske vurderingar frå arkitekt.

- Torg med torghandel blir vidareført med føreseielege rammer. Det skal leggast vekt på estetisk utforming.

Samrøystes

Heile saksutgreiinga kan du lese her.

I møtet vart det diskutert å sjå nærare på ei trafikkløysing med einvegskøyrt inn og utkøyring frå sentrum på kvar side av elva, bygd saman med tunnel under jernbanen. Det vart ikkje gjort noko vedtak på at dette skulle utgreiast og det føreligg ikkje ei formell bestilling å arbeide vidare med.

Vidare framdrift

Kommunen hadde eit møte med NVE og Fylkesmannen i september for å avklare om naturfare var godt nok ivareteke i planutkastet. NVE gav tilbakemelding om at ny utbygging langs elva og på grusbana kan føre til vesentleg ulempe oppstraums eller nedstraums utbygginga. Det vil seie at konsekvensane av ein flaum kan bli større andre plassar pga utbygginga. Kommunen må derfor vise at dette ikkje er tilfellet. Norconsult arbeidar med ein ny hydrologisk vurdering som skal vere ferdig i slutten av november. Denne vil avklare om utbygginga kan føre til vesentleg ulempe og kva som eventuelt må gjerast av avdempande tiltak.

Planen vert lagt ut på høyring etter at denne vurderinga er klar, forhåpentlegvis rundt nyttår.

Rundt 50 personar deltok på møtet 30.september. Kommunen takkar for eit godt møte og håper på like stort engasjement på dei neste møta som vert gjennomført når planen er lagt ut på høyring.