Arbeidet med områdeplanen for Flåm starta offisielt våren 2016, og i løpet av året var kommunen godt i gang med planarbeidet. Det vart gjennomført ein workshop der representantar frå ulike interesser og bedrifter i Flåm deltok, i tillegg til kommunen ved utval for plan og utvikling og administrasjonen. Det vart utarbeidd planleggingsprogram og utviklingskonsept. Det vart kartlagt flaumsone, erosjonssone, skredfaresone og høgde for stormflo og bølgjeoppskylling.

I oktober 2016 haldt NVE ein pressekonferanse i Aurland. Der vart det kunngjort at Flåm er i faresona for fjellskredgeneret flodbølgje frå Joasetberget. Dermed vart planarbeidet sett på vent og rapporten med faresona vart sendt til kommunen i mars 2017.

Ny oppstart av planarbeidet i 2017

I rapporten kom det fram at flodbølgja hadde større utstrekning enn området det er meldt oppstart for. Planarbeidet måtte derfor starte på nytt for å få med Viki innanfor plangrensa. På grunn av flodbølgja vart planarbeidet mykje meir omfattande med krav om konsekvensutgreiing. I teknisk forskrift kap.7, er det ein eigen paragraf (§7-4) som skildrar kva som må avklarast for at ein skal kunne byggje ut i faresone for flodbølgje. Kort fortalt må kommunen vise at utbygginga er av avgjerande samfunnsmessig betydning og konsekvensane av byggerestriksjonane er alvorleg. Det må vere etablert varsling, vise at det ikkje finst andre sikre byggeareal i området, fysiske sikringstiltak må vere utgreia og utbygginga må vere avklart i reguleringsplan gjennom konsekvensutgreiing.

Framdrift for 2020

Planprogrammet vart vedteke i november 2017 og etter det har kommunen arbeida med avklaringane overfor §7-4. Det har vore stor planaktivitet i kommunen desse åra og planarbeidet i Flåm har ikkje fått høg nok prioritet i høve til andre planar og prosjekt. Derfor har ikkje framgangen vore så rask som me hadde håpa på. Men i år har kommunen trappa opp arbeidet og laga ein ny framdriftsplan med mål om utlegging til høyring og offentleg ettersyn til hausten. Det som står att i arbeidet er mellom anna kartlegging av det biologiske mangfaldet, avklare forholdet mellom flaum frå elva og sikring frå flodbølgja, støysonekartlegging, ferdigstilling av ROS-analysen, planføresegner, planomtale med samanstilling av konsekvensutgreiinga og utarbeiding av arealplankartet. Dette vert det arbeida med fram til hausten då planen vert lagt ut til 1.gongshøyring. Etter at planen vert lagt ut vil det bli arrangert eit ope folkemøte der planen vert presentert og innbyggjarane, næringslivet og andre interesser får høve til å kome med innspel.