Områdeplan for Flåm sentrum vart lagt ut til høyring og offentleg ettersyn i perioden 03.06.21-08.08.21.
I samband med høyringa vart det måndag 10. juni arrangert eit opent informasjonsmøte på Fretheim Hotel. Vi opplevde stort engasjement med over 30 frammøtte, og det vart stilt spørsmål og gitt innspel til planen.
Onsdag 16/6 og måndag 21/6 vart det halde kontordagar i Aurland hamnevesen sine lokalar i Flåm, der dei som ynskja kunne avtale tid med sakshandsamarar for å diskutere relevante problemstillingar og kome med synspunkt på planen.
Det vart informert om at formelle innspel måtte sendast inn skriftleg til Aurland kommune.
I løpet av høyringsperioden fekk vi inn 18 fråsegner frå forskjellige aktørar – både offentlege myndigheiter, lokale næringsaktørar, og ulike interesseorganisasjonar.
Vi har i tillegg fått inn motsegner frå Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) og frå Statsforvaltaren i Vestland.
Grunnlaget for motsegnene er at potensiell skredfare (kvikkleire/fjellskred) mot byggjeområda ikkje er tilstrekkeleg utgreidd og tatt høgde for i planen.
Neste veke, onsdag 22. september, vert det dialogmøte mellom Aurland kommune, NVE og Statsforvaltaren, for å diskutere motsegna og moglege løysningar.
Områdeplanen er under sakshandsaming inntil vidare.